

Andeby Online > Om Andeby Online
Andeby Online er ei uavhengig fanside om Disney-teikneseriar som har vore aktiv sidan 2001. I løpet av si levetid har sidene endra form og innhald fleire gongar: Nokre funksjonar har kome til, andre har forsvunne. Den viktigaste delen av Andeby Online er diskusjonsforumet, der det kan anbefalast å registrere seg dersom du er ute etter ein god donaldistisk diskusjon eller har eit spørsmål av donaldistisk art. Det er heilt gratis å registrere seg som brukar.
Andeby Online er drive av det tromsøbaserte selskapet Solstrand Tekst og Bobler. I redaksjonen sit Kristin Cecilia Saue Romundset og Olaf Moriarty Solstrand.
Vi understreker og minner om at dette er ei uavhengig side som med unntak av ei sunn interesse ikkje har noko som helst med Walt Disney Company eller Egmont Serieforlaget å gjera. Det betyr at det ikkje er nokon vits i å sende oss e-post om kva du ønskjer å endre i Donald-bladet, og at du ikkje under nokre omstende må finne på å sende oss abonnementnummeret ditt (dette er ei sånn typisk setning som står på denne sida berre fordi det er noko vi har opplevd frykteleg ofte). Dersom du ønskjer å sjå offisielle nettsider frå folka bak Donald Duck & Co, anbefaler vi Donald.no. Har du spørsmål om Donald Duck & Co, ring Egmont Serieforlaget på telefon 24 05 13 00. Vi er fans. Ivrige fans. Men vi har ingenting med dei som gir ut vekebladet å gjera.

Andeby Online er © Solstrand Tekst og Bobler. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand. I redaksjonen: Kristin Cecilia Saue Romundset.
Dersom du mot formodning skulle finne bilete av Disney-figurar på sidene er desse © DISNEY og brukt anten med løyve eller i samsvar med norsk åndsverkslov.

