Hugs meg

Registrer ny brukar

Siste oppdatering:

Walt Disney Studios feirer Donald i Bergen

Walt Disney Studios feirer Donald i Bergen

Andeby Online > Nyhende > Walt Disney Studios feirer Donald i Bergen

I dag, torsdag 25. juni, inviterer Walt Disney Studios Home Entertainment donaldfest på Lagunen Storsenter i Bergen. Og i tillegg til morosame Disney-aktivitetar får Lagunen celebert besøk.

Showet starter klokka 11.00, og klokka 12.00 får Lagunen Storsenter for første gong i historia besøk av ein hemmeleg gjest -- ein gjest som kjem heile vegen frå Disneyland Resort Paris.

Førre gong det var ein hemmeleg gjest til stades på eit Disney-relatert arrangement i Noreg var ved Donald Ducks 70-årsjubileum i 2004. Den gongen var gjestane bursdagsbornet sjølv, og den svært populære Donald-teiknaren Victor Arriagada «Vicar» Rios. Likevel er det vel berre ein av desse som kan tenkjast å kome frå Disneyland Resort Paris ... Og med tanke på kven det er som jubilerer i år, er det kanskje ikkje så vanskeleg for skarpe donaldistar å gjette seg fram til kven denne hemmelege gjesten kan vera?

For meir informasjon, sjå Walt Disney Studios Home Entertainments pressemelding.

Kart: Her finner du Lagunen Storsenter

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til torsdag 25. juni 2009

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online er © Solstrand Tekst og Bobler. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand. I redaksjonen: Kristin Cecilia Saue Romundset.
Dersom du mot formodning skulle finne bilete av Disney-figurar på sidene er desse © DISNEY og brukt anten med løyve eller i samsvar med norsk åndsverkslov.