Siste oppdatering: Teikneseriemuseet stenger



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Teikneseriemuseet stenger

Andeby Online > Nyhende > Teikneseriemuseet stenger

Tegneseriemuseet på Gran på Hadeland, som mellom anna inneheld onkel Skrues kontor og Petter Smarts verkstad, stenger dørene for publikum frå 1. april av økonomiske årsakar. No jobber styret med å finne eit museum som kan overta samlingane.

Styret i Tegneseriemuseet gjorde det i haust klart at museet måtte leggja ned si drift på Gran dersom dei ikkje fekk offentleg støtte på 300 000 kr frå kommunen og fylkeskommunen. «Tegneseriemuseet fikk muntlig informasjon fra politikere og presse om at denne støtten var innvilget i midten av desember 2007», skriver styreleiar Jan P. Krogh i ein e-post. «Det ble på møtet 25. februar oppklart at dette var en misforståelse.»

Drifta til museet så langt i 2008 har vore basert på antakingar om at det offentlege ville ta på seg utgiftene, så når dette ikkje lenger er tilfelle, har styret vedteke at dei ikkje lenger kan halde fram med drift i Gran.

Resultatet av dette er at Tegneseriemuseet ut mars berre vil halde opent sundagar 13-17 på dugnad, og at museumsverksemda i Gran kjem til å opphøyre 1. april.

«Samlingene vil bli overført til et annet museum så fort dette er praktisk mulig. Det foreligger for tiden tre alternativer. Styret vil arbeide aktivt for at dette skal kunne skje som en konsolidering der Tegneseriemiljøets interesser vektlegges,» skriver Krogh.

Mottak og arkivering i regi av Det Nasjonale Tegneseriearkivet kjem framleis til å foregå på Gran.

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til tysdag 26. februar 2008

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.