
Andeby Online > Nyhende > 68 sider for hardbarka Rosa-fans
I anledning Don Rosas tjueårsjubileum som Disney-skapar har det no dukka opp eit amerikansk Don Rosa-indeks, forfatta av nordmannen Sigvald Grøsfjeld jr. Indekset har nokre klare feil, men er alt i alt eit solid indeks.
La det først vera sagt: Ingen kjem nokon gong til å klare å lage eit perfekt indeks. Folk er alt for forskjellige til at nokon skal klare å lage noko alle kan vera einige om at er bra. Men Index of Don Rosa's Disney Covers and Stories (1987-2007) (utgitt i september 2007) er eit godt forsøk, og for dei som ikkje måtte vite det frå før, merkast det veldig godt av dette indekset at forfattaren, Sigvald Grøsfjeld jr., er gjennomsyra Don Rosa-fan, og ein av dei største som finst.
Indeksmessig er dette solid vare. Dersom du utelukkande er ute etter ei liste over alle Don Rosas historier og covere, med informasjon om kvar desse har stått på trykk i amerikanske utgivingar, er dette eit veldig bra indeks. All denne informasjonen er med i dette indekset, i tillegg til korte samandrag av kvar historie, nokre punkt ved kvar historie indeksforfattaren føler at det er verdt å leggja merke til, og informasjon om kvar ein finner Rosas D.U.C.K.-dedikasjon. Og dersom du lurer på kvifor du skal betale seksti kroner for informasjon som det er enkelt å finne gratis på Internett, er svaret enkelt: Du betaler ikkje for denne informasjonen. Du betaler for den framifrå måten informasjonen er presentert på.
I tillegg finn vi alt det ekstramaterialet ein kunne forvente av eit Grøsfjeld jr.-indeks, med alle forkortingar grundig forklart, ein introduksjon (her skrive av Anders Christian Sivebæk), meir informasjon om Don Rosa, «Hidden D.U.C.K.s», «Hidden Mickeys», liste over relevante internettsider, og sjølvsagt ei ønskjeliste over alle Rosa-publikasjonar der ein kan krysse av for dei blada ein har så ein til eikvar tid kan sjå kva ein manglar. Særleg sistnevnte liste er ein lekkerbisken ingen seriøse indeks kan vera forutan, og etter denne anmeldars meining er det denne som gjer indekset verkeleg verdt å kjøpe. Sivebæks introduksjon, som tar for seg Sivebæks eiga erfaring med å skrive indeks, er nok meir for dei spesielt interesserte, medan resten av artiklane kan vera interessante for alle som ønskjer å kalle seg Don Rosa-fans, både nykomarane og dei meir tilårskomne.
Ved å lese dette indekset vil du sannsynlegvis lære noko nytt om Don Rosa. Ekstramaterialet er godt skrive, og sjølve indekset, som inneheld alle historiene og forsidene Rosa har laga, er så godt som prikkfritt. I enkelte historier stussa eg over kvifor indeksforfattaren hadde vald å trekke fram spesifikke detaljar eg sjølv ikkje rekna som veldig viktige, medan andre og etter mi meining viktigare detaljar ikkje var nevnt -- men som sagt; ingen kjem nokon gong til å bli einige om korleis eit perfekt indeks skal sjå ut, så akkurat det skal eg ikkje halde imot dette indekset.
Mine innvendingar mot indekset består i hovudsak av to ting. Den første er rettskrivinga, som heilt klart kunne ha vore betre på svært mange områder. Grøsfjeld har vald å lage indekset på engelsk, noko eg kan forstå, og eg har sjølvsagt òg full forståing for at dette ikkje er hans morsmål og han difor ikkje er feilfri på området -- men eg meiner at indekset burde ha vore betre korrekturlest. Eg går ut frå at indekset er korrekturlest av nokon, men det saknast ei skikkeleg korrekturlesing av eit menneske med engelsk som morsmål, noko eg tolker dedikasjonslista dithen at ikkje har blitt gjort. Den andre innvendinga mi er i Grøsfjelds oppsummeringar av kva historiene handler om. Det er veldig bra at desse er på plass, men eg skulle gjerne ønskja at dei ikkje hadde spoila fullt så mykje av historiene dei skildrer. På enkelte punkt gir Grøsfjeld bort sluttpoenget til historiene. Men så kan ein sjølvsagt spekulere i at alle dei som kjøper eit slikt indeks, allereie har lest alle Don Rosas historier ...?
Men dette er småting, og det er eigentleg òg alt eg har å utsetja på indekset. Så om dette ikkje er særleg viktig for deg, er Index of Don Rosa's Disney Covers and Stories (1987-2007) absolutt verdt å ha. Om det er verdt dei seksti kronene indekset koster, får imidlertid vera opp til deg.
Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til fredag 19. oktober 2007
Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.

