Siste oppdatering: Teikneseriemuseet stenger



Hugs meg :: Registrer ny brukar

KVAKK! #2 sendt ut

Andeby Online > Nyhende > KVAKK! #2 sendt ut

Abonnentene har no for ei stund sidan motteke andre nummer av det nye donaldisttidsskriftet «KVAKK!». På forsida trekkjast det fram at bladet inneheld ein artikkel om korleis ein bygger ei pengebinge, ein donaldistisk oppvekstsartikkel av Donald-forfattar Nils Petter Smeby og eit intervju med Donald-forfattar Olaf Moriarty Solstrand.

Kjenner du ikkje historia om Mats Gullikstads pengebingemodell, er dette nummeret absolutt interessant lesning. Her fortel Gullikstad sjølv historia om korleis modellen, som tar utgangspunkt i Don Rosas pengebingeteikningar, er konstruert. Ein annan som debuterer som KVAKK!-forfattar i dette bladet er den erfarne fag-, teikneserie- og til og med Donald-forfattaren Nils Petter Smeby, som fortel om si oppvekst med Donald Duck & Co på 1950-talet.

I tillegg til dette inneheld KVAKK! #2 ein artikkel om Walt Disneys forhold til Noreg, del to av Tommy Kvarsvik gjennomgang av historia «Onkel Skrue og flyktningen fra Firenze» frå Donald Pocket 97, ein artikkel om røyndas Anders And og diverse faste spaltar.

KVAKK! #2 inneheld følgjande artiklar:

- «Leder» (1 side)

- «Norske Disney-historier på trykk» (1/2 side)

- «Forfatteren bak «Tryllestav mot hakkespetter» - en samtale med Olaf Moriarty Solstrand» av Tommy Kvarsvik (8 sider)

- «D.U.C.K.S.N.Y.T.T.» (1 side)
[nyhendesakene «Wizards of Mickey til Norge», «Ingen priser for Disney-skaperne», «Don Rosa på Skandinavia-turné», «Rosas plakatkommentarer på nett» og «Jippes med ny versjon av «Rottefangeren»»]

- «Anmeldelser: Tegneserier» av Tommy Kvarsvik (1 side)
[omtale av Donald Duck & Co 24-36/2007]

- «Mitt liv med Donald - Del 1: Flate frosker og sprengt pengebinge» av Nils Petter Smeby (4 sider)

- «Walt Disney og Norge» av Are Myklebust (3 sider)

- «Anmeldelser: Tegneserier» av Niels Houlberg Hansen (1 side)
[omtale av Donald Pocket 324, Donald Pocket 325 og Donald Pocket 326]

- «Til Pisa, Arezzo og Livorno med Skrue og Donald: En gjennomgang av «Onkel Skrue og flyktningen fra Firenze» (del 2)» av Tommy Kvarsvik (12 sider)

- «Virkelighetens Anders And - en svensk adelsmann på 1200-tallet» av Sigvald Grøsfjeld jr. (2 sider)

- «Anmeldelser: Tegneserier» av Tommy Kvarsvik (1 side)
[omtale av «Hall of Fame: Carl Barks - Idrettsglede i Andeby» og «Hall of Fame - Paul Murry 2»]

- «Donaldistisk kreasjoner: Skrues pengebinge» av Mats Gullikstad (3 sider)

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til måndag 8. oktober 2007

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.