Siste oppdatering: Teikneseriemuseet stenger



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Bli med på Baloos bananjakt!

Andeby Online > Nyhende > Bli med på Baloos bananjakt!

I haust kjem Disney-klassikeren «Jungelboken» ut i ei spesialutgåve på DVD. I den samanhengen gir Disney i samarbeid med ei rekke utvalde nettsider -- deriblant Andeby Online -- deg moglegheit til å vinne ein flatskjerm-TV.

Reglane er enkle: Baloo har vore ute og plukka ei rekke bananar, men på veg heim klarte han å snuble og miste dei alle saman. Praktisk nok har han mista desse bananane på ulike norske nettsider, og han treng di hjelp til å finne dei igjen. På kvar nettstad som deltar i konkurransen ligg det gøymd ein banan. Klikker du på denne bananen får du poeng, og den som finner flest bananar vinner hovudpremien, som er ein 42-tommers flatskjerm-TV frå LG, verdt 19 000 kroner. Andre- og tredjepremie er plysj-Baloo-ar.

Merk: Konkurransen starter ikkje før 01.10.2007, og iallfall Andeby Onlines banan vil ikkje vera synleg før då, så det er ingen vits i å bruke heile 30. september på å leite.

bananjakten.no finner du meir informasjon om Bananjakten, og du kan òg finne ei liste over alle nettstadene der det er gøymd ein banan. Og sjølvsagt håper vi at nokon frå Andeby Online-samfunnet skal klare å kare til seg sjølve førstepremien ...

Lykke til!

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til sundag 30. september 2007

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.