
Andeby Online > Nyhende > To Donald-teiknarar til Noreg på ei veke
Tronsmo stadfester no at Don Rosa har signering på bokhandelen 25. september. Det vil seie at to av dei mest populære Disney-skaparane av i dag besøker Noreg i løpet av ei kort veke.
Ifølgje Tronsmo.no kjem Don Rosa til Tronsmo i Oslo tysdag 25. september klokka 16.00. Grunnen til besøket er at Rosa stadig får nye historier på trykk i Egmonts Hall of Fame-serie, melder nettstaden. Don Rosa har sjølv sagt i ein e-post at han skal vera i Oslo frå 23. til 26. september, men at han ikkje er heilt sikker på kva utgivarane vil at han skal gjera der.
Det er allereie kjent at Daan Jippes besøker Raptusfestivalen i Grieghallen i Bergen 28.-30. september. Fredag klokka 17.00 skal han fortelja om si karriere i Peer Gynt-salen, og sundag klokka 13.00 snakker han om Donald same stad.
Kort sagt; veke 39 blir ei spennande veke for norske donaldistar.
Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til fredag 14. september 2007
Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.

