
Andeby Online > Nyhende > Donald Duck & Co komplett i INDUCKS
Alle utgaver av Donald Duck & Co er no ferdig indeksert i INDUCKS-databasen. Det varsler inducksør Eirik Birkeland i Andeby Onlines forum.
INDUCKS-databasen er verdas største database over Disney-seriar, men oversikta over norske Donald Duck & Co har aldri vore komplett -- ikkje før no. Dei store manglene som har vore i indekseringa av blader frå 60- og 70-talet er no teke hand om. Øyvind Braaten frå Sarpsborg har vore spesielt behjelpelig med dette, med 611 indekserte blader på kort tid.
No rettast fokuset mot ikkje indekserte Onkel Skrue- og Mikke Mus-hefter, og Birkeland oppfordrer alle som har moglegheit til det til å vera behjelpelege med indekseringa.
INDUCKS-databasen er tilgjengeleg frå adressa http://coa.inducks.org .
Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til tysdag 22. mai 2007
Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.

