
Andeby Online > Nyhende > - Eg ønskjer ikkje å vinne denne prisen
Don Rosas historie «Den sorte ridder slår til igjen» er nominert til ein Eisner-pris. Rosa sjølv forklarer no på DCML at han er glad for nominasjonen, men håper at han ikkje vinner denne prisen.
«Eg ønskjer ikkje å vinne denne prisen. Sjølvsagt ønskjer ein å vinne prisar, men det er for arbeid ein veit at verkeleg skiller seg ut. Ein ønskjer ikkje å vinne prisar basert på timing eller korleis bidrag er nominert eller ikkje nominert. Eg håpa å få nominasjonar for «En drøm for livet» eller «Fangen i Sølvdalen», to historier eg var veldig stolt av. [...]
Dersom det i det heile tatt eksisterer ein sjanse for at eg vinner med ei samlebåndshistorie som «Den sorte ridder slår til igjen», ville det vera vanskeleg for meg å ikkje reise meg og stille spørsmål som «Takk, men kva med dei GODE historiene mine?» eller «Når eg skreiv og teikna årets beste historie i ein kategorik, korleis kan eg då vera ikkje nominert til årets beste teiknar/forfattar i det minste i humorkategorien?» eller «Korleis kan ei 26-siders historie vera nominert til beste KORTE historie når superheltteikneseriane som er nominerte til beste enkelthefte / lange historie er berre 22 sider lange?» Og då ville nokon rope frå publikum «eg har lurt på korleis du kan vinne amerikanske Eisner-prisar når alt arbeidet ditt er laga for og gjentrykt frå Europa, gjer ikkje det at du berre kan få prisen for beste utanlandske materiale?», eit spørsmål eg ikkje kan svare på, så då krever dei kanskje at alle mine tidlegare Eisner-prisar blir returnert og eit slagsmål ville bryte ut og bord ville bli velta og det er rett og slett ikkje bra.
Så i frykt for den usannsynlege sjansen at eg KAN vinne og den enno meir usannsynlege sjansen at ei enkelt stemme utgjer ein forskjell, kjem eg ikkje til å stemme på meg sjølv i den kategorien.
Same kor snålt og falskt det høyrast ut, er sanninga at det er nok å berre bli nominert, spesielt denne gongen med akkurat denne historia. Eg vil ikkje ha denne ufortente prisen -- men eg er veldig glad for å sjå nominasjonen, ettersom den ikkje berre får «Gemstone» og «Uncle $crooge» i søkelyset igjen i dette Disney-serie-hatande landet, men [...] dette er ikkje berre den første kategorien på stemmesetelen, mi historie er òg den første nominasjonen i kategorien opplista alfabetisk [...] og eg går ut frå (men hugsar ikkje) at rekkefølgja er den same i den faktiske prisutdelinga. Så DET er den gode tingen med denne nominasjonen til ei historie som ikkje fortener spesiell merksemd. UNCLE $CROOGE og Gemstone Comics er framleis den første nominasjonen som lesast opp høgt heile kvelden, medan alle framleis retter si fulle merksemd mot det. Gemstone/Barks/Disney-teikneseriar er det som fortener og trenger merksemd her, og nominasjonen min har allereie oppnådd det på den beste moglege måten oppnåeleg.»
Du kan lese heile Don Rosas innlegg, i den opphavlege engelske teksten, her. Skulle du ønskje å lese den omtalte historia, står den på trykk i DD&Co nummer 27 og 28 frå 2004.
Sitatet er gjengitt med løyve.
Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til onsdag 9. mai 2007
Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.

