Siste oppdatering: Teikneseriemuseet stenger



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Donald-dominert teikneseriedag i Tromsø

Andeby Online > Nyhende > Donald-dominert teikneseriedag i Tromsø

Neste laurdag markerast Tegneseriens dag i ei rekke byar over heile Noreg, og i Tromsø blir det eit skikkeleg Donald-preg på dagen. Det sørger Arild Midthun og Olaf Moriarty Solstrand for.

Noregs einaste sertifiserte Donald-teiknar, Arild Midthun, stiller ut døme på sitt arbeid på Tromsø Bibliotek frå laurdag 5. mai, og anbefalast for alle som liker seriane til Midthun.

I tillegg er Donald-forfattar Olaf Moriarty Solstrand ein av kurshaldarane når Serieskaparlauget inviterer til teikneseriekurs for ungdom. Kurset, som varer frå 11.00 til 15.00 på Tegneseriens dag, vil omfatte både idéarbeid, dramaturgi og teikneteknikk. Dei teiknetekniske bitane er det serieteiknar Romar Reppen-Gjelseth som tar seg av. Kurset finn òg stad på Tromsø Bibliotek, og ønskjer du å melde deg på, kan du gjera det ved å sende ein e-post til biblioteket@tromso.kommune.no eller ringe 77 79 09 00.

Tegneseriens dag har blitt arrangert over heile landet sidan 2005, men dette er første gong dagen markerast i Tromsø. Arrangør i Nordens Paris er Serieteiknarlauget i Tromsø.

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til laurdag 28. april 2007

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.