Siste oppdatering: Teikneseriemuseet stenger



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Donald Duck & Co 08/2007

Andeby Online > Nyhende > Donald Duck & Co 08/2007

I vekas Donald er Gneis tilbake, Mikke legger ut på sin særaste handletur nokonsinne, og vi får eit gjensyn med Scarpa-klassikeren «Amundsens talisman». Men det som rørte denne anmeldar mest var likevel at bladet trykker opp ein reprise av ei gamal historie med Bestemor B!

Donald Duck & Co 08/2007: 68 sider + 36 sider bilag, av dette 84,25 sider med serier. Laussalspris kr 33,90. Redaktør: Merete Markeng Skar. I redaksjonen: Målfrid Haga, Marius Molaug og Gry Aga Ekman. Til norsk ved H. Hagerup og E. Brodin (bilag til norsk ved Espen Hagerup). Ansvarleg redaktør: Svein Erik Søland.

Bladets forside (D 23060) viser til ei forandring Skrue, som har bygd ein hoppbakke i pengebinga og tar av til høge stilkarakterar frå nevøane i beste Bokløv-stil. Kanskje ikkje den morsomste forsida ein har sett, men eg vil likevel berømme redaksjonen for å ha brukt ei forside som faktisk har litt Andeby-relevans, og eg føler at temaet «Skrue har så mykje pengar at han kan gjera såpass gærne ting med dei» har meir Andeby-relevans enn det stadig tilbakevendande temaet «Sjå, det er ein sint mann og tre snørrungar som gjer alt dei kan for å plage vettet av kvarandre!». Personleg skulle eg ønskja at forsidene kunne bli brukt til å vise motiver som har litt å gjera med hovudhistoria i bladet, men eg har forstått det slik at grunna rekkefølgja i produksjonsprosessen er dette umogleg. Noko eg eigentleg føler at er svært synd, men det er vel sånn det har blitt. Elles var forsida fin og ryddig.

Vel, over til historiene:

D 2004-095: Donald Duck - Ute i kulda
Manus: Lars Jensen. Teikningar: Ferioli. 12 sider.

Donald skal tilbringe helga hos Bestemor, men på vegen dit dukker Gneis opp i bilen hans og får han til å spore av. Utan mobiltelefon og varme klær må dei to kome seg gjennom den snøkledde villmarka saman, og at det er folk i nærheita gjer diverre ikkje dette særleg enklare ...

For dei av oss som liker Gneis er dette eit kjærleg gjensyn. Det denne historia har som mange Donald-historier mangler, er den herlege stigninga i handling: Ting starter småtregt, og plutseleg dukker det opp nye faktorar som gjer historia veldig mykje betre. Dette blei noko meir enn ei «Donald og Gneis må klare seg i villmarka»-historie, og det er eg glad for. Særleg likte eg at Jensen har vald å trekke fram ein type kriminalitet som vi ikkje ser så ofte i Donald, og som på den måten eigentleg er meir interessant enn vaneprega bank- og bingeran. Ferioli har ein fantastisk strek som eg er veldig glad i, og sjølv om det nok er mus som er hans klare heimebane, er eg glad for at han tar seg tid til andehistorier òg, ettersom dei har ein tendens til å bli fantastiske.

Oppdrag Hakkespett
1 side.

I denne spalten får vi tips om korleis lage snølykter, og om korleis ein kan opptre som slangetemmer utan å dra til India. Artiklane retter seg sjølvsagt mot dei som er litt yngre enn meg, men eg har ingenting imot å sjå dei på trykk likevel. At Donald-bladet har litt for alle gjer ingenting.

D 2006-067: Onkel Skrue - Naturstridig
Manus: Stefan Petrucha. Teikningar: Millet. 7 sider.

Skrue blir bedt om å gi bort pengar til veldedigheit, med den haken at han faktisk vil tjene på dette, då dette veldedige bidraget vil gjera at han får tilbake meir pengar på skatten enn han faktisk gir, og han dessutan får god PR for dette. Men klarer Skrue å *gi* frå seg pengar?

Denne historia likte eg svært godt. Petrucha leverer kvalitet som vanleg, og det er herleg å sjå Skrue slitast mellom prinsippet «aldri gi bort pengar for ingenting» og prinsippet «aldri seie frå seg sjansen til å tjene pengar så lenge det er lovleg». Særleg likte eg sekvensen på side 20-21. Millet illustrerer dette godt.

H 2347: Ole, Dole og Doffen - Spinatstrev
Manus: Kirsten de Graaf / Mau Heymans. Teikningar: Mau Heymans. 1 side.

Det trengs ekte mannfolk for å opne eit glas med spinat!

Ein enkel gag som fungerer godt. Dei detaljerte teikningane trekker opp.

D 9374: B-gjengen - Diamanter varer evig
Manus: Gail Renard / Albert Cosser. Teikningar: Xavi. 6 sider. Første gong utgitt i DD&Co 33/90.

Bestemor B har fødselsdag, og minnast jubileet for då ho mista den første kjærasten sin under eit diamanttjuveri for femti år sidan. Og ettersom diamanten stillast ut på Andeby Museum same ettermiddag, hjelper B-gjengen bestemora med å prøve å stjele diamanten for gamle dagars skuld, og for minnet om Manne Vondhund ...

Kva? Har B-gjengen ei bestemor? Jada, og på slutten av åttitalet kom det bråtevis av historier om ho. Men ho brukast ikkje lenger og har ikkje vore brukt på ei stund, så det var veldig gøy å få eit gjensyn med ho, sjølv om historia berre er ... uh ... sytten år gamal. Uff, eg byrjar tydelegvis å bli gamal, når det følast som om slutten av åttitalet er berre fem-seks år sidan. Historia i seg sjølv er kanskje ikkje den beste vi har sett -- Renard og Cosser presenterer forsåvidt eit interessant plott, og i B-gjenghistorier er det berre ei handfull teiknarar som overgår Xavi, men det heile blir litt forutsigbart. Likevel: Det gjorde utruleg godt å sjå Bestemor B-gjeng igjen, eg har sakna ho. Høgt.

I Hodepine, som tydelegvis har eit slags filmtema, kan ein vinne DVD-pakke frå NRK, Racers-pakke frå Lego eller DVD og sekk med MP3-spelar frå den der Stormbreaker-filmen. Serierot (D 22252) omhandler Skrues problemer med å få plass til pengar i hvelvet sitt, og i krimgåta Premiepuddelen (Wiktor Ericsson / Miguel) har nokon stole ein verdifull puddel og bytta den ut med ei diger fillebikkje. Krimgåta likte eg ærleg talt ikkje, då det er ei typisk «hvis du ser nøye etter»-krimgåte. Å sjå nøye etter i Donald-samanheng krever ikkje så mykje. Hodepine inneheld elles eit kryssord, sudoku, oppvarming, tre gåter, den vanlege quizen, ei stokke-på-bokstavane-gåte og ei relativt interessant Hjerne for meg-oppgåve (D 22090), som krever å klare å koble saman Donalds kroppsspråk i kinosalen med fire ulike filmar. Ikkje den store tankenøtta, men kreativt påfunn.

D 2005-316: Donald Duck - Elsk din nabo
Manus: Janet Gilbert. Teikningar: Millet. 3 sider.

Jensen er ute og går tur med kjærasten, som irriterer seg over at han ikkje klarer å sjå på Donald utan å bryte ut i sinne, så ho drar han like godt med til psykolog.

Tittelfiguren på denne historia er tilsynelatande Donald -- men ikkje la deg lure, dette er ei Jensen-historie, og Donald er utelukkande ein statist her. Og det må vel vera det mest interessante med denne historia -- at den handlar om Jensen! Eg elskar det når ein grip tak i bifigurane og gir dei eigne historier, det gir oss eit betre totalinntrykk av figuren. Når det gjeld sjølve plottet er det vel eigentleg verken kreativt eller nyskapande eller andre synonymer for kreativt, men det er vel grenser for kor mykje ein serieskapar har lov til å gjera når ein prøver å fokusere på Jensen ...

Latterkrampe byr på åtte vitsar, nokre av dei smågøye, andre av dei ikkje like gøye.Vekas illustrerte vits (den som er putta inn i snakkebobler) er faktisk GODT illustrert til ei forandring. På same side finner vi Bob Karps og Al Taliaferros Klassisk avisstripe (YD 51-04-04), der Donald er koffertselger med noko ufine salgsteknikkar. Eg venter framleis i spenning på at Bob Karp skal få ei Hall of Fame-bok, eg, mannen var ein stor humorist, og Taliaferro er nok blant mine yndlingsteiknarar gjennom tidene.

D 2006-068: Mikke Mus - Varehusets hemmelighet
Manus: Stefan Petrucha. Teikningar: Xavi. 10 sider.

Det gamle varehuset i Andeby skal rivast for å gjera plass til kjøpesenter, og gamle fru Vildwiig har latt Mikke utforske varehuset og gjera videoopptak der. Varehuset har vore forlatt i 70 år, så det kan by på mykje spenning for ein eventyrar som Mikke -- men det byr òg på større undring når det viser seg at varehuset er bebodd ... Og det er så mykje eg tør å seie om denne historia utan å spoile for mykje.

La meg først få sagt: Dette er den klart beste historia i bladet. Oppvartinga Mikke får i varehuset, gav meg det eine latterbrølet etter det andre, med ein topp i hittegodsavdelinga. Nokre gonger føler eg at Donald-bladet har for lite Mikke, og dette er ein slik gong. Petrucha leverer høg kvalitet, og dette vil eg ha meir av. Teikningar og fargeleggjing skaper den perfekte atmosfæra denne historia trenger. Forresten, kan nokon fortelja meg ... Varehusleiaren, er han ein karikatur på nokon? Han såg så utruleg menneskeleg ut.

Kvakktuelt byr på informasjon om Villdyr, curling, dataspel med OL-tema, oppblåsbare snøbunkere og automatiske snøballagarar for dei ektremt late. Ingenting av dette er særleg aktuelt, eigentleg.

H 9928: Dolly Duck - Farlige dråper
Manus: Evert Geradts. Teikningar: Mau Heymans. 10 sider.

Donald har fått dilla på skodespelerinna Pia Velta, og Anton har fått dilla på sangerinna Lene Marshviin. Dolly føler seg forbigått, og tigger Petter Smart til å gi ho ein utesta kjærleiksmikstur. Men kor fristande er det eigentleg å halde seg til Petters strenge ordre om å berre bruke denne på Donald?

Ei festlig historie. Vi har sett Donald misbruke Petters oppfinningar til stadigheit, gøy å sjå ei historie der Dolly gjer det same. Og, for å overanalysere, interessant at grunnen til at Dolly gjer dette, er at ho ønskjer nasegrus beundring av så mange som mogleg.

Premieoppgave: Hva hører hjemme hvor? - Mikke ser i butikkvindauge, og alle butikkane inneheld ein ting som ikkje høyrer heime der. Spørsmålet er kva som skal kvar. Den som klarer den enorme intellektuelle påkjenninga det er å finne ut korvidt ein knapp høyrer heime i ein knappebutikk eller skobutikk, har ein sjanse til å vinne ei Villdyr-pakke, med DVD, koppar og kortstokkar.

H 90153: Onkel Skrue - Stykkpris
Manus: Frank Jonker. Teikningar: Sander Gulien. 1 side.

Donald kjøper ein pepperonipizza av Skrue og må takle Skrues av og til merkelege måte å drive forretning på. Ein heilt grei einsider som eg eigentleg lo litt av.

Ekstra: Fingerlykt
Ei lykt du kan ha på fingeren. Er det noko rart med hovudet mitt om reaksjonen min på dette er «Lurer på kva miljøkonsekvensen av å sende ut 150.000 batterier i posten eigentleg er»?

BILAG - I TL 135-A: Donald Duck - Amundsens talisman
Manus og teikningar: Romano Scarpa. 33 sider. Første gong utgitt i bilag til DD&Co 4/92.

Omtrent samtidig som Skrue i et raserianfall ødelegger alle talismanene sine så nær som den ene som unnslipper kverna, Amundsens talisman, klarer Donald ved eit uhell å kjøpe ein gamal båt på auksjon til seksti tusen kroner. Dette må han betale innen eit halvt år om han ikkje vil miste huset, og han legg difor ut på sydpolekspedisjon saman med nevøane, ettersom Andebys Geografiske Selskap har utlova ein pris på seksti tusen kroner til dei som klarer å kartleggja Antarkis' ukjente områder. Det byr på spenning, forundring, farer og det eine eventyret etter det andre, og av ein eller annan grunn har Skrue sendt med dei ein lykkebringar på reisa, Amundsens talisman ...

Alle som veit kva forhold eg har til Romano Scarpa vil skjøne at eg elska denne historia. Historia er fantastisk bygd opp, ein føler verkeleg med Donald og nevøane gjennom heile historia, samtidig som det er nok av humoristiske avbrekk. Igjen må eg nok seie at eg synest at det ikkje er så innmari lenge sidan sist historia stod på trykk, men kanskje det berre er meg som byrjar å bli gamal, det er jo femten år sidan. Uansett: Vekas klare høgdepunkt, kanskje det største så langt i år òg. Scarpa var ein fantastisk serieskapar eg gjerne minnast med gode historier så ofte som mogleg.

Dette bladet vinner i rein kvantitet, då ekstrahefter alltid trekker opp i mine auge. Historiemessig er nok høgdepunkta Amundsens talisman, Varehusets hemmelighet og gjensynet med Bestemor B. Det generelle nivået på historiene har vore betre, men eg vil absolutt ikkje bruke ordet dårleg heller.

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til måndag 26. februar 2007

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.