
Andeby Online > Nyhende > Kvitt eller Donald
I Kvitt eller Dobbelt 3. desember skal Audun Rugstad frå Oslo gå opp i Donald Duck. Kan vi endeleg få ein Stormeister i Donald?
Audun Rugstad er 9 år gamal og går i 5. klasse på Tåsen skole, og ikkje overraskande er han den yngste Donald-kandidaten i Kvitt eller Dobbelt nokonsinne. Fagdommer i emnet vil vera Donald-teiknar Arild Midthun.
Dette er ikkje første gong nokon går opp i Donald i Kvitt eller Dobbelt. Såvidt Andeby Online veit er det to personar som har gjort det tidlegare: Geir Hasnes, som deltok to gonger, og Tor Martin Bjuland. Det var rettnok ingen av desse som klarte å klatre heilt til topps på premiestigen og få den eksklusive Stormeister-tittelen. Kan Audun Rugstad klare denne utfordringa?
For dei som ikkje har tilgong til NRK1 vil programmet etterkvart bli gjort tilgjengeleg i Nett-TV på NRKs heimesider nrk.no, kor ein òg kan sjå Audun Rugstads presentasjon eller teste sine eigne Donald-kunnskaper i Kvitt eller Dobbelt-spelet. For alle andre er det berre å benke seg framfor TV-en med donaldkjeks og donaldbrus sundag klokka 20.15, eller sjå reprisen på NRK2 laurdag 9. desember klokka 17.00. Programleiarar er Nadia Hasnaoui og Christian Strand.
Kjelde: <a href="http://www.nrk.no/programmer/tv/kvitt_eller_dobbelt/5801233.html">Kvitt eller Dobbelts heimesider</a>
Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til laurdag 2. desember 2006
Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.

