Siste oppdatering: Teikneseriemuseet stenger

Hugs meg :: Registrer ny brukar

Donald Duck & Co 47/2006

Andeby Online > Nyhende > Donald Duck & Co 47/2006

FOR eit blad! Tidsmaskinen-sagaen avsluttast, det same gjer framhaldshistoria med Fantonald, og vi får ein Barks-klassiker på kjøpet. Kvifor følast det plutseleg som om det er julaften?

Bladets forside (D 22813) viser Ole, Dole og Doffen som speler fotball i søle og regnvær. Ole står i mål, og bruker dykkemaske for å halde auga fri for søle. Ein heilt grei gag, men ikkje mykje meir enn det -- og dersom føremålet med denne forsida er å fange interesse, er eg usikker på kor vellykka det er. Ein må tenkja seg litt om for å forstå vitsen her -- og eg har ingenting imot teikningar der ein må tenkja seg litt om for å forstå vitsen, men då bør vitsen helst vera hysterisk festlig når ein først forstår den. Det er ikkje denne.

D 2005-356: Donald Duck - Historiske lynvisitter
Manus: Lars Jensen. Teikningar: Gattino. (12 sider)

Anton kjem løpande og fortel Donald og Dolly om korleis han klarte å halde seg rolig då han nesten blei rana av ein skummel type, ettersom han ikkje er skvetten. Donald seier at han har opplevd verre, og byrjar å fortelja om den gongen han og nevøane for gjennom tida i ei løpsk tidsmaskin utan å vite kvar og når han kom til å lande -- og korleis dei kom seg heim igjen.

Eg liker «Eventyr med tidsmaskinen»-serien svært godt, og smilte bredt då eg skjønte at dette kom til å bli ei Tidsmaskinen-historie. På dei første sidene trudde eg at historia berre kom til å vera ei samling korte tidsmaskinvisittar, noko eg var fornøgd med -- men det blei berre enno betre då det gjekk opp for meg at dette var historia om korleis eventyret med tidsmaskina slutta. Eg skal ikkje gå i detalj om dette, då eg ikkje ønskjer å spoile alt for mykje -- dette er ei historie alle burde lese -- men både Leonardo da Vinci og Julius Cæsar deltar i historia. Anton ler sjølvsagt godt av heile historia, men det gjer ikkje eg. Eg måper i beundring over ei historie som er utmerka skrive av Jensen og nydeleg teikna av Gattino. Dette er ei historie eg ikkje kjem til å gløyma med det første, og likte du Eventyr med tidsmaskinen kan du ikkje klare deg utan dette bladet.

ZM 62-07-29: Mikke Mus - Forsøpling
Manus: Bill Walsh. Teikningar: Manuel Gonzales. (1 side)

Mikke hjelper Tipp med papirinnsamling, og kjem i skade for å kaste eit tyggispapir ut av vindauget. Han rygger sjølvsagt for å plukke det opp igjen, han vil jo ikkje forsøple, men ...

Eg liker ærleg talt enkeltsidene til Walsh og Gonzales ganske godt, denne var ikkje noko unntak.

Latterkrampe
(1 side)

Åtte vitsar, mange av dei lo eg av. På same side finner vi

YD 53-01-07: Klassisk avisstripe
Manus: Bob Karp. Teikningar: Al Taliaferro. (1/4 side)

Donald viser Doffen si nye oppfinning -- ein ridesal som er like mjuk som ein madrass. Så var det berre å teste den, då.

Eg ler ofte godt av desse avisstripene, og er veldig glad for at dei trykkast opp. Bob Karp er ein kraftig undervurdert mann som var hysterisk festlig til tider, og Taliaferros teikningar svikter aldri. Dei fortjener kvar si Hall of Fame-bok, spør du meg.

H 25171: Donald Duck - Jubileumsparaden
Manus: Jan Kruse. Teikningar: Sander Gulien. (10 sider)

Kornelius Kvakk-klubben var ein hyggeleg stad til formannsklubba forsvann, og sekretæren og formannen skulda kvarandre for å ha stole den. Klubben blei delt i to -- korneliusistane og kvakkianarane -- og Donald og Jensen er medlem av kvar sin klubb. Og når det skal haldast ein parade for å markere Kornelius Kvakks 400-årsdag, og Donald og Jensen blir satte til å spionere på kvarandre for å finne ut kva som foregår i dei andres leir, kan det sjølvsagt ikkje lede til noko positivt ...

Jan Kruse hadde eit par historier i DD&Co 46 som eg ikkje var så veldig positivt innstilt til. Her er det stikk motsatt. Dette er ei herleg historie, og hadde historia stått på trykk i eit meir gjennomsnittleg blad hadde den sannsynlegvis blitt bladets høgdepunkt. Konseptet med at korneliusistar og kvakkianarar delast i to leirer og har eit bittert fiendskap gåande er heilt fantastisk, og eg skulle gjerne sjå same idé gjenbrukt fleire gonger. Og sjølvsagt går eg aldri lei av å sjå Donald krangle med Jensen. Guliens teikningar skuffer ikkje. Enkelte vil kanskje trekke fram at denne historia strider mot Don Rosa ved å hevde at Kornelius Kvakk er 400 år gamal og hadde ei skute og sånt, men personleg flisespikker eg ikkje på slike små filledetaljar -- det viktigaste for meg er at historia er god, og det er den så absolutt.

Rekorder
(1 side)

Nok ei side med særheiter frå Guinness World Records: Største fartsbot, Flest fingrar og tær på eit nolevande menneske, største klovnetreff, og kven som har overlevd flest lynnedslag. Personleg er eg særleg imponert over at ein kan få ei fartsbot på 1,3 millioner kroner.

W US 35-05: Onkel Skrue - Løve i presang
Manus og teikningar: Carl Barks. (4 sider)
Første gong utgitt på norsk i Donald Duck & Co 14/85.

Skrue elsker lyden av bolten i pengebingelåsen når den fell på plass med eit klank, og når bolten seier kloink i staden for klank er det eit klart teikn på at låsen er øydelagt. Det er umogleg å få låsen reparert før dagen etter, og ikkje har Skrue råd til å leie inn vakter over natta heller. Tilfeldigvis dukker det opp ein beundrer av Skrue som vil gi han ei dressert løve -- nærare bestemt dressert til å angripe innbruddstjuvar ...

Carl Barks skuffer aldri. Personleg var denne historia ikkje så veldig spennande for min del, men det er fordi eg nettopp hadde lest den. Ikkje lenge sidan den blei utgitt i Carl Barks Samlede Verk, nemlig. Bortsett frå det er dette ei solid historie -- som dei fleste av Barks' historier, eigentleg. Knakande bra, altså.

Rekorder
(1 side)

Nok ei side med særheiter frå Guinness World Records: Største fartsbot, Flest fingrar og tær på eit nolevande menneske, største klovnetreff, og kven som har overlevd flest lynnedslag. Personleg er eg særleg imponert over at ein kan få ei fartsbot på 1,3 millioner kroner.

Tema - Morsomme fakta
(1 side)

Er «Morsomme fakta» eigentleg eit tema? Er ikkje det heller eit tverrsnitt av massevis av tema? Lurer på om det hadde gått an å melde seg opp til Kvitt eller dobbelt i temaet Fakta. Jaja ... Her kan vi lese om sneglefart, manglande insektøyelokk, hoppetemperatur for grashopper, antallet geiter på kanadiske vegar, nesene til neseaper og om å bryte seg inn i fengselet. Underhaldande lesning er det jo.

Hodepine
(4 sider)

Vinn ein Grundig Discalo CD/klokkeradio ved å putte serierot om Mikke som skal bade Pluto (D 22243) i rett rekkefølgje, eller spelet «Solan og Ludvig på duppedittjakt» ved å finne ut kva Mikke hadde til middag i tre forskjellige land (D 22040), eller ein Nintendo DS Lite med New Super Mario Bros ved å plassere eit utval sirklar på rett plass eit bilete. Alternativt kan du sjå forskjell på symboler i oppvarminga, løyse gåter, finne ut kva tal som ikkje passer inn av fem tal, løyse sudoku, vri hjernen din i fire quiz-spørsmål (eitt av dei klarte eg faktisk ikkje -- Harry Potter-trivialiteter er eg ærleg talt ikkje så sterk på), eller gå rett til teikneserien i Hodepine --

D 2004-263: Krimgåte - Spøkelset
Manus: Wiktor Ericsson. Teikningar: Miguel. (1 side)

Etter å ha lest ei bok om hovudlause spøkjelse får ikkje Langbein sove, og då han skal lukke vindauget ser han eit hovudlaust spøkjelse passere vindauget hans. Mikke har ein mistanke om kva som foregår ...

... og vi er tilbake til krimgåter som strengt talt ikkje er gåtefulle i det heile teke. Var det nokon som brukte meir enn åtte sekunder på denne?

D 2004-197: Langbein - Et nytt liv
Manus: Stefan Petrucha. Teikningar: Jesper Lund Madsen. (10 sider)

Langbein ser ein reklame for Allerfri, ein pillekur som fjerner lavnivåallergener og med andre ord gjer han meir foretaksom. Men når Langbein vasker stua, tapetserer veggane, betaler uteståande regningar, svarer på gamle brev, kaprer ein jobb som investeringsrådgiver og disker opp med luksusmåltider, byrjar Mikke å lure på kva dette stoffet eigentleg inneheld ...

Dette var eigentleg ei veldig bra historie. Delar av historia var relativt forutsigbare, men eg lo godt gjennom heile historia. Når Langbein plutseleg blir ekspert i alt og ikkje bryr seg så veldig med å finne ut kvifor, slik Mikke gjer, skaper det ein fantastisk kontrast. Ja, eg vil faktisk seie at Petrucha her klarer noko eg føler at eg ser alt for sjeldan -- å framheve den gode kontrasten mellom Mikke og Langbein utan at Langbein framstår som ein komplett idiot. Det respekterer eg. Og eg må seie at eg lo godt av replikken «Hei, Langbein! Jeg kjenner det uttrykket. Hva var det reklame for denne gangen?».

D/D 2005-007: Donald Duck - Forknytt
Manus og teikningar: Arild Midthun. (1 side)

Donald er stolt av at Ole, Dole og Doffen deltar i hakkespettenes knutekonkurranse, men føler at dei sannsynlegvis trenger litt vaksenhjelp ...

Hehe. Joda, festlig gag over eit tema som vel er brukt ein del gonger, men eg klager absolutt ikkje.

Kvakktuelt
(2 sider)

Sonic fyller femten år, og dersom du veit kva årstal det var for femten år sidan, kan du vinne ein Xbox 360. Nei då, vi undervurderer ikkje lesarane våre ... Elles kan ein lese at vanleg matsopp er populært mobiltilbehør i Japan, at kinesarane får undervisningsfilm for å lære seg å like Donald (noko Andeby Online rapporterte om 6. september, berre for å skryte litt) og at Vanuatu har fått eit undervannspostkontor.

D 2005-062: Fantonald - Larm og vrede (del 2)
Manus: Byron Erickson. Teikningar: Mårdøn Smet. (8 sider)

Fantonald kjemper framleis mot Støydemonen, og har kome på å bruke øreklokker av absorbium for å omdanne lydenergien til lys. Men kva godt gjer det når Støydemonen berre kan bruke lydenergien til å la andre ting skade Fantonald?

Fin avslutning på Fantonald-eventyret som starta i førre veke. Byron Erickson skriver like genialt som han alltid gjer, og Smets teiknestil liker eg berre betre og betre. I tillegg til den spennande historia får vi eit par artige bakgrunnsgags (side 57 er hysterisk festlig, og Lille Hjelper med kosedyr er berre kjempesøtt), og eg krysser fingrane og HÅPER at dette ikkje blir siste gong vi ser Fantonald i Donald-bladet. Eg har lest ganske mykje Fantonald oppgjennom åra som eigentleg har haldt ganske høg snittkvalitet, men eg føler at Egmonts Fantonald-historier på mange måtar utmerker seg -- og når dei no har moglegheita til å lage Fantonald-historier spesialtilpassa vekebladformatet, håper eg at det er noko dei held fram med.

Premieoppgave: Hvor skal veisperringene settes?
(1 side)

Finn ut kvar ein må setja to vegsperringar for å stoppe Svarte-Petter, og vinn ein Nintendo Wii med spela Wii Sports og The Legend of Zelda: Twilight Princess. Ja, eg tuller ikkje, i dette bladet går det faktisk an å vinne tre forskjellige spelkonsollar. Dette kallar eg gode premiar! Oppgåva er heller ikkje så verst, ei annleis labyrintoppgåve som dei fleste kanskje klarer, men den krever litt ekstra tenking.

Ekstra: CD-ROM med «Gutta på skauen»

Inneheld PC-spel, trailer og eit par ting til. Spelet virka ikkje på min PC, men traileren såg ganske interessant ut. Ikkje interessant nok til at eg gidder å kjøpe ein kinobillett, men absolutt ikkje dårleg heller, og hey, kinotrailarar i Donald er luksus uansett.

Eg kan ikkje seie det 100 % sikkert utan å bla gjennom, men eg trur at dette i mine auge må vera årets klart beste blad. Eit par historier eg var svært positiv til -- og ingen eg var negativ til. Overraskande mange artiklar denne gongen, kanskje kunne ein, dersom ein leita etter forbetringspotensiale, oppnå eit betre blad ved å kutte nokre av dei, og kanskje kunne ein ha vist seg fram med ei betre framside, då førsteinntrykket av bladet (særleg med plasten på) ikkje er allverda. Men det er småpirk og detaljar -- DD&Co 47/06 scorer iallfall skyhøgt i mi bok.

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til laurdag 25. november 2006

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.