Andeby Online > Nyhende > Donald Duck & Co 46/2006
Donald Duck & Co. 46/06 er først og fremst eit blad i Fantonalds teikn. Den maskerte hemnaren har endelig fått sleppe inn i vekebladet igjen, med støy som sin store motstandar.
Forside: © DISNEY
Forsida til DD&Co 46/06 (D 22812) har eg både positiv og negativ respons til. På ein måte er dette eit donaldistisk motiv, i den forstand at vi får sjå margarinfabrikken. Eg er stor margarinfabrikkfan, og eg trur dette er første gong eg ser fabrikken referert til på ei forside. Eg ler òg av vitsen som forteljast i detaljane på denne forsida, og teikninga er absolutt ikkje verst. Det eg reagerer negativt på her, er rett og slett at eg alltid har likt det når forsidene har relevans til innhaldet i bladet -- og i dette bladet er det til og med ei Fantonald-historie, noko som har skjedd to gonger på kor mange år? Eg kunne veldig gjerne ha tenkt meg å sjå Fantonald på forsida av dette bladet. Eg er klar over at eg ber om mykje, og i utgangspunktet var forsida heilt grei, men ... Du verden så stilig det hadde vore.
D 2004-346: Donald Duck -- Dunder og brak
Manus: Gorm Transgaard. Teikningar: Ferioli. (12 sider)
Donald har starta eit lite rivningsfirma, og det går på skinner -- om han lever på boksemat i 78 år, kan han klare å nesten bli millionær. Men kvar gong Donald klarer å byggja opp noko, må sjølvsagt nokon rive det ned igjen, og det går ikkje lenge før Skrue demonstrerer sin heilautomatiske rivningsrobot ...
Eg skal ærleg innrømme at eg har sett betre historier frå Transgaard. Samtidig har denne historia mange sterke sider. På femte side (s. 8 i bladet) er stemninga svært sentimental, og Feriolis teikningar får meg verkeleg til å føle med Donald -- og overraskinga på ellevte side (s. 14 i bladet) klarte faktisk å overraske meg. Avslutninga føler eg at kanskje er litt for brå -- mest fordi eg kunne tenkja meg å sjå kva som skjer vidare (og då særleg med Donald), men alt i alt er historia ikkje av dei verste, sjølv om Transgaard som sagt har prestert så veldig mykje betre. Og er det ein ting i denne historia eg håper vi får sjå mykje meir til, er det rekneskapsføraren Tallhaug.
H 99175: Onkel Skrue -- [uten tittel]
Manus: Jan Kruse. Teikningar: Sander Gulien. (1 side)
Skrue har lyst på litt knask, så han tar ein tur i dyrehagen sin med eit skilt under handa ...
Ein grei vits, men ikkje så mykje meir enn det. Samtidig kjenner eg ikkje heilt igjen den Skrue vi får sjå i denne sida, personleg meiner eg at oppførselen hans her kvalifiserer til tjuveri og vel så det. Både i manus og teikningar framstår Skrue som sleipare og eklare enn vi kjenner han som, og det kan eg ikkje seie at eg liker heilt.
Ekstra: Gripeklo
(1 side)
Informasjon om vekas ekstradings, som er ei gripeklo. Eg har ikkje testa den sjølv, men eg ler av måten den blir skildra på. Det er noko svært latterleg med uttrykket «uunnværlig når du skal gjennomføre vanskelige oppdrag» når det på same side står at «med gripekloa kan du få tak i ting på nesten 30 centimeters avstand!».
D 2004-204: B-gjengen -- Post i retur
Manus: Gail Renard / Peter Härdfeldt. Teikningar: Peter Härdfeldt. (7 sider)
B-gjengen raner ein gullsmed og sender byttet i posten til seg sjølv for å skjule byttet for politiet. Men sjølvsagt blir posten rana den dagen, og B-gjengen må presse gassen i bånn for å få byttet sitt tilbake ...
Eg liker ideen her veldig godt. Eg er ikkje heilt sikker på om måten historia utspiller seg på er den aller beste måten å bruke denne ideen på. Eg føler at denne historia har ein del potensiale som ikkje får utspele seg, og med litt meir arbeid føler eg at historia lett kunne ha vore ti gonger betre. Det berre følast som om det er noko som mangler i denne historia, sjølv om eg liker utgangspunktet. Det eg likevel liker best i heile historia, er heile ideen om at andre, meir uerfarne skurkar er store fans av B-gjengen. Det er ein idé eg håper at blir brukt fleire gonger.
H 2461: Langbein -- Feilkoblinger
Manus: Jan Kruse. Teikningar: Comicup Studio. (2 sider)
Langbein har fått nytt hus, og det einaste som gjenstår er å koble til gass, elektrisitet og vatn. Klaus tilbyr seg å hjelpe til ...
Eg skal innrømme at denne vitsen hadde eg ledd godt av dersom den hadde vore ein av fleire gags i ei lengre historie om Langbeins nye hus. På eiga hand synest eg at den blei ein smule tam.
Latterkrampe
(1 side)
Åtte vitsar av varierande kvalitet, og det var faktisk eit par av dei eg ikkje hadde høyrd før. Det aleine er ikkje verst, sjølv om småhumringa mi ikkje akkurat får decibelskalaen til å dirre ... På same side finner vi
YD 51-03-08: Klassisk avisstripe
Manus: Bob Karp. Teikningar: Al Taliaferro. (1/4 side)
Ole, Dole og Doffen sit i senga og spiser kjeks -- til det er leggetid.
Den ideen høyrast sannsynlegvis ganske tam og kjedeleg ut, men det er den ikkje, det er berre at eg ikkje kan røpe meir utan å avsløre korleis stripa slutter, og eg synest at den er så festlig at eg ikkje har lyst til å spoile den, så ... Les den sjølv, du.
D 7694: Donald Duck -- Besværlige kjæledyr
Idé: Lester Goldsmith. Manus: Tom Anderson. Teikningar: Vicar. (10 sider)
Tidlegare utgitt i DD&Co 4/85.
Ole, Dole og Doffen har lyst på eit kjæledyr. Det vil ikkje Donald -- han kan strekke seg til ein fugl, men nevøane klarer å snakke seg til apekatten Fridolin. Korleis skal Donald klare å overtale nevøane til å kvitte seg med Fridolin til fordel for eit mindre plagsomt dyr?
Ei svært samansatt historie -- på ein måte fryder eg meg over at slutten kom så overraskande på, på ein anna måte lurer eg på om grunnen til at slutten kom så overraskande på er at den ikkje heilt har samanheng med resten av historia. Teikningane er nydelege -- eg tør påstå at Vicar var betre på 80-talet enn han er i dag, og Fridolin er berre kjempesøt. Trikset Donald bruker for å lure nevøane er forsåvidt kopiert direkte frå ei Carl Barks-historie, men for å ta hensyn til dei som ikkje har lest historia enno, skal eg ikkje røpe kva historie det er. Eit genialt triks -- men det er som sagt kopiert frå Carl Barks. Tja, kvifor skal Donald finne på noko nytt når han allereie har prøvd noko ein gong som han veit at fungerer?
Hodepine
(4 sider)
Fire sider oppgåver. Stokk om på rutene i ei historie der Langbein trener spydkast, og vinn ein Nintendo DS Lite med spelet Actionloop. Løys eit kryssord og vinn ein Puma-sekk (løysingsordsillustrasjon: D 19941). Finn ut kva sportsutstyr som høyrer til kva sportsgrein, og vinn ein Carrera Go!!! bilbane med bilane frå den nye James Bond-filmen. I tillegg inneheld Hodepine oppvarming, sudoku, quiz og
D 2004-268: Krimgåte -- Mistenkt
Manus: Wiktor Ericsson. Teikningar: Miguel. (1 sider)
Olsen har fått eit tips om at Sivert Skrump gøymer tjuvegods i huset sitt, men då han leiter gjennom huset saman med Mikke finner han ingenting. Mikke, derimot, får ein mistanke ...
Utan at eg skal kommentere vanskegraden på krimgåta, likte eg konseptet på denne. Ofte har vi fått krimgåter av typen «finn diamanten», noko som har ein tendens til å vera kjempelett -- her får vi heller fire vidt forskjellige gjenstandar, og vi må finne ut kva for ein av dei som Mikke har skjønt at er tjuvegods, noko eg absolutt foretrekker. Ikkje er løysinga overklarifisert i teikningane heller, slik dei kan ha ein tendens til å vera. Sukk, og det er alltid godt å sjå Mikke i trenchcoat.
D 2005-379: Mikke Mus -- Strandet
Manus: Don Markstein. Teikningar: David. (8 sider)
Mikke er ute og flyr over Sydhavet, og krasjlander på ei øde øy som viser seg å ikkje vera øde likevel. Lokalbefolkninga hjelper han med å reparere flyet -- men det er noko rart med dei innfødte, og plutseleg byrjar verktyet til Mikke å forsvinne ...
Nok ei historie som har eit interessant konsept som eg føler at ikkje heilt utspelar sitt potensiale. Og Mikke oppfører seg som ein idiot i denne historia. OK, eg vil ikkje ha ein feilfri og perfekt Mikke som leiker pappa for stakkars dumme Langbein, men i denne historia lurer eg på om det gjekk litt for langt i den andre retninga ... Dog kan det ha noko med oversetjinga å gjera, då det i hovudsak er Mikkes talemåte eg reagerer på. Det kan godt hende at originalteksten her lar Mikke snakke eit svært forenkla engelsk til dei innfødte, men når det på norsk blir «Dere bo her?» og «Meg være vanlig fyr», synest eg det blir for dumt. Dersom desse folka forstår nok norsk til å forstå kva Mikke seier til dei, kvifor i alle dagar skal han kaste grammatikken ut av vindauget då? Er det lettare for innfødte på øyer i Sydhavet å skjønne «Meg være» enn «Jeg er»?
Kvakktuelt
(2 sider)
Vekas Kvakktuelt omhandlar den aktuelle filmen «Gutta på skauen» (Open Season), den ikkje like aktuelle Transformers-filmen som kjem neste sommer, samt eit par kjøpetips som alle nerdar drømmer om: innpakningspapir med mønster av typen binærkodar eller «gratulerer med dagen» på klingon, ein Albert Einstein-actionfigur og ein telefon som ser ut som Darth Vader og som mellom anna har Darths tunge pust som ringetone.
Ein kan spørja seg kva Kvakktuelt har med Donald å gjera, men eg synest ærleg talt at det er ei forbetring frå Miks & tips, så då kan ein jo ikkje klage. Eit tips til redaksjonen må vera at når dei skriver om kule gadgets, hadde det vore praktisk om dei la ved eit tips om kvar det går an å få kjøpt desse. Eg har diverre ikkje noko å plugge inn ein eventuell Vader-telefon i, men Einstein-figuren og innpakningspapiret er eg nerd nok til å sikle etter.
Tema -- Fantonald tar saken
(1 side)
Ei kort side med informasjon om Fantonald, ettersom bladet inneheld første del av ei Fantonald-historie. Slike artiklar skulle eg gjerne hatt fleire av -- denne var kanskje i kortaste laget, men det er langt betre enn ingenting, som vi vel vanlegvis får.
D 2005-062: Fantonald -- Larm og vrede
Manus: Byron Erickson. Teikningar: Mårdøn Smet. (12 sider)
Donald Duck lever eit dobbeltliv. Om natta er han superhelten Fantonald, som stopper skurkar utan å blunke med sjølvsikker holdning og tøffe Petter Smart-oppfinningar, som absorbium-posen som absorberer eksplosiv energi og slipper den ut som varme eller lys. På dagtid er han berre Donald, og dei verste problema han har å stri med er gatemusikantar som speler falskt, for ikkje å gløyma Dollys konstante skryt av kor fantastisk Fantonald er. Som Donald er Donald ingenting, og han skulle gjerne ha vist at han er Fantonald -- men om Stålanden (ja, Robin Duck / Fantomius / Tordenvingen har fått enno eit namn!), meistertjuven Fantonald fekk drakta si frå, finn ut at det er Donald som har overteke Fantonald-rolla, kan han miste den til Anton. Og som om det ikkje var nok, byrjar problema å tårne seg opp på nattestid òg, når Fantonald må stri med ein superskurk som bruker støy som våpen ...
Denne historia fungerer svært godt som første del av ei fortsetjingshistorie, men først og fremst er eg kjempeimponert over heile konseptet. Fantonald ... i Donald-bladet? Fantonald i ei historie som er laga for Donald-bladet? Fant-fant-fant-fant-fantastisk. Dette vil eg ha meir av! Det verkar som om alle Egmont-historier med Fantonald har som eit gjennomgåande tema Donalds frykt for å bli avslørt som Fantonald. Det har eg ingenting imot, eg føler kanskje at dei vier litt mykje plass til denne problematikken i historier der det eigentleg ikkje er så viktig, men generelt liker eg at Donald gis ein ekstra motivasjon til å aldri avsløre at det er han som er Fantonald. Det gjer historiene og delinga mellom Donald og Fantonald ekstra spennande -- og sjølvsagt, Mårdøn Smets Fantomius liker eg utruleg godt. Eg er generelt ikkje kjempebegeistra over teiknestilen til Smet, men det er sannsynlegvis berre ei vanesak, for den er absolutt ikkje dårleg, og sannsynlegvis er han blant favorittane mine om få år -- men for augeblikket er den framleis litt uvant å sjå på trykk i Donald-bladet. Men teiknestilen fungerer så absolutt. Den einaste filledetaljen eg misliker med denne historia er at oversetjarane ikkje klarer å bestemme seg for kva Fantomius skal heite på norsk. Eg synest på ingen måte at «Stålanden» er eit dårleg namn. Eg har ingenting imot Fantomius eller Tordenvingen eller Robin Duck heller. Eg skulle berre ønskja at dei kunne bestemme seg for eitt namn i staden for å bytte fram og tilbake.
Kort oppsummert: Dette bladet er obligatorisk lesning dersom du er Fantonald-fan. Dei andre historiene i bladet kunne kanskje ha vore betre, men for all del, det er absolutt ikkje eit dårleg blad. Verdt sine 28,50 og vel så det.
Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til onsdag 22. november 2006
Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.