Siste oppdatering: Teikneseriemuseet stenger



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Arnstein Overøye noregsmeister i Donald

Andeby Online > Nyhende > Arnstein Overøye noregsmeister i Donald

1.-20. november i år arrangerte Andeby Online NM i Donald for andre år på rad. 104 personar deltok, og det var Arnstein Overøye frå Kleppe i Rogaland gjekk av med seieren.

Overøye fekk totalt 162 poeng av 170 moglege, og hadde ein margin på heile 15 poeng ned til andreplass, som var delt mellom Kristin Arnesen frå Trondheim og Runar Hvitsand frå Kristiansund. I tillegg til NM-pokalen vinner Overøye eit gavekort hos Kelpie forlag, eit Holger og Hagbart-album frå Laksevåg forlag og William Van Horn-biografien <em>Plystrende lopper og svirrende fluer</em>. Det er òg premier til dei som kom på 2.-5. plass (fjerdeplass gjekk til Vegar Arnesen frå Trondheim, femteplass til Trude Sørlie frå Drammen).

<a href="http://www.andebyonline.com/index.php?area=nm2006&sub=resultater"><strong>Klikk her for å sjå heile resultatlista!</strong></a>

Overøye kom òg høgt på resultatlista i fjorårets meisterskap -- då kom han på andreplass, berre slått av Øyvind Braaten frå Sarpsborg. Konkurransen var rettnok ganske annleis frå fjorårets i år -- først og fremst fordi 40 % av oppgåvene var biletoppgåver, som gjekk ut på å gjenkjenne historia, teiknaren eller noko anna på ein gitt illustrasjon, med spenn frå dei mest kjente Barks-klassikarane til Strobl anno 1969 og Langøre anno 1982. Tekstoppgåvene spann i vanskegrad frå å hugsa kor mange sysken Fant har til å hugsa korleis ei av Severin Sulfats oppfinningar ein gong redda Andeby (eit svar som forsåvidt er å finne i ei Mikke-historie av Janet Gilbert og Noel Van Horn som stod på trykk i 1996).

<a href="http://www.andebyonline.com/index.php?area=nm2006&sub=fasit"><strong>Klikk her for å sjå alle spørsmåla!</strong></a>

Vi sender våre dypaste gratulasjonar -- saman med premiene, såklart -- til vinnarane.

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til tysdag 21. november 2006

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.