Siste oppdatering: Teikneseriemuseet stenger



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Donald bytter redaktør

Andeby Online > Nyhende > Donald bytter redaktør

Frå og med januar 2007 får Donald Duck & Co. nye redaktørar når Tormod Løkling og Maikki Fonneløp takkar for seg. Plassen blir overteke av Merete Markeng Skar.

<b><i>Merete Markeng Skar</i></b> er eit kjent namn for dei som pleier å lese Egmont-kolofonar når dei kjeder seg. Ho har tidlegare mellom anna vore redaktør for <i>Donald Pocket</i> og <i>W.i.t.c.h.</i>

Med dette redaktørbyttet avviklast ordninga med at <i>Donald Duck & Co</i> har to redaktørar, og bladet har igjen ein hovudredaktør og fleire redaksjonsmedlemer. Markaug Skars jobb er å styre Donald Duck & Co + Disney-pocketane redaksjonelt for alle tre skandinaviske land, Ny i redaksjonen er òg Marius Molaug, som kanskje først og fremst er kjent som serieskapar -- han er medlem av vennegjengen Dongery, og har mellom anna skrive manus for diverse historier som gjekk i bladet <i>Gorilla</i>. Molaug jobber med dei redaksjonelle sidene i bladet. Målfrid Haga er framleis serieredaktør, medan Gry Aga Ekman framleis er ansvarleg for Hodepine.

Løkling og Fonneløp, som har vore redaktørar for <i>Donald Duck & Co.</i> sidan januar 2004, går no kvar til sitt -- men begge held seg innanfor Egmonts fire veggar. Tormod Løkling blir redaktør for det nye <i>Pondus</i>-bladet, medan Maikki Fonneløp blir redaktør i Egmonts utviklingsavdeling.

Vi veit ingenting om korleis denne endringa vil påverke bladets innhald, om i det heile tatt, men det får vi berre vente i spenning på!

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til måndag 20. november 2006

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.