Siste oppdatering: Teikneseriemuseet stenger

Hugs meg :: Registrer ny brukar

Donaldisten 27

Andeby Online > Nyhende > Donaldisten 27

Ettersom det går rykter om at det kjem ut eit nytt Donaldisten snart, legger vi herved ut ein omtale av forrige nummer -- nummer 27, som i tillegg til å vera eit stort Håkon Aasnes-nummer mellom anna inneheld intervju med både Marco Rota og Don Rosa.

FORSIDEILLUSTRASJON (t.h.):
av Håkon Aasnes, © DISNEY

Donaldisten. Brandbu: Donaldistene, juni 2004.
Pris: 40 kr. 40 sider. Ansvarleg redaktør: Jan P. Krogh.
ISSN: 0807-8262. Opplag: 800 stk.

Forside
av Håkon Aasnes (1 side)
Bladet opner med noko så sjeldant som ei Donald-forside som aldri har stått på trykk. Forsida er teikna av den norske Donald-teiknaren Håkon Aasnes, ifølgje Donaldistene den einaste nordmannen som både har skrive og teikna Donald-historier, som òg veldig mykje av innhaldet i bladet er via til. Forsida var laga for Donald-bladet, men blei aldri tatt i bruk. Her er den malt før bruk.

Det donaldistiske manifest
av Are Myklebust (1 side)

Ein av dei artiklane som aldri heilt har gått ut på dato. «Det donaldistiske manifest» stod første gong på trykk i Donaldisten i mai 1977, og kjem sannsynlegvis til å bli gjenopptrykt fleire gonger framover òg. Lista på åtte punkter parodierer kommunismen samtidig som det uttrykker eit par av grunnpunktene i den donaldistiske tankegong anno 1977.
Trykk her for å lese Det donaldistiske manifest

ANDføreren har ordet
av Jan P. Krogh (1/2 side)

Oversiktleg leiar av ANDfører Jan P. Krogh. Første avsnitt er ein gjennomgong av kva bladet inneheld: Eit halvt Don Rosa-intervju, det første store intervjuet med den einaste mannen som både har skrive og teikna Donald, ein del Håkon Aasnes-historier, Marco Rota-intervju, Van Horn-artikkel, matematisk leik med Donalds fødselsdag og faste innslag. I ettertid er det litt gøy å lese dette og sjå kor optimistisk donaldistiske føregongspersonar har ein tendens til å vera: «Vi satser på to nummer i året, og er så selvsikre at vi har med første del av Det store Don Rosa intervjuet i dette nummer og sparer del to til senhøsten/jul.» Dei fleste har vel fått med seg no at det ikkje kom eit Donaldisten seinhausten 2004, og at det ikkje har kome eitt etter det heller ... Andre avsnitt er ei sterk oppfordring til lesarane om å halde fram med å lese Donald. Krogh seier klart og tydeleg at det at Donald har blitt dårleg med åra ikkje er anna enn ei misforståing, og trekker fram Mikke Mus 4/2004 som eit døme på eit «megahypersuperfantastisk» blad.

Hymnus Barksia Duckus Classica
av Arild Bjotveit (1/4 side)

Ei hymne til Barks på tre vers, skrive i august 1978.

D 3776:Donald Duck -- Kisteglad
av Håkon Aasnes (2 sider)
Tidlegare utgitt i Donald Duck & Co. 21/1977.

I samband med det store Håkon Aasnes-intervjuet trykker Donaldisten eit utval av seriane til Aasnes. Denne tosideren, som ein tidleg Aasnes har både manus og teikningar til, handler om Donald på fisketur, som først får ein nøkkel på kroken og deretter ei kiste. Historia er grei nok -- ein svært enkel gag, men ein forventer jo ikkje så mykje meir på to sider. Skal ærleg innrømme at eg ikkje er så veldig imponert her -- eg har sett Aasnes prestere så veldig mykje betre. Han klarer å formidle ein uttrykksfull Donald (sjølv om eg stussre på enkelte av uttrykksvala), men teikningane av Ole, Dole og Doffen likte eg ikkje. Alt for store pupillar, ganske stive i kroppen, og det ser ikkje ut som om dei endrer ansiktsuttrykk ein einaste gong i løpet av historia. Nei, eg har sett Aasnes prestere langt betre enn dette. Den store skuffelsen her er dog fargeleggjaren. To ruter har raud himmel, ei anna har lilla himmel, ei fjerde har rosa himmel ... For å seie det på enkelt: Folk på min alder har diverse fordommar når det gjelder 1970-talet, og denne fargeleggjinga klarer ikkje akkurat å avkrefte nokre av desse.

Håkon Aasnes - den eneste norske idemaker/tekstforfatter/tegner av Donald Duck & Co?
av Jan P. Krogh (4 1/2 side)

Eit lengre intervju med Håkon Aasnes. Aasnes blir stilt ei rekke spørsmål rundt sitt første donaldblad, korvidt han samla på teikneseriar, om han framleis leser Donald, kva førebilete han har, yndlingshistorie, yndlingsfigur, hatobjekt (ein overraskande Svarte-Petter!) og korvidt han sjølv har lest Donaldisten -- alle dei spørsmåla ein er heilt nøydt til å stille til ein donald-teiknar, altså -- før det braker laus på dei spennande spørsmåla -- som korleis Aasnes blei Donald-teiknar. Han svarer både langt og interessant, om korleis han henvendte seg til Hjemmet for å prøve å bli serieteiknar, han etter fleire forsøk blei invitert til Gutenberghus i Danmark og fekk tre manus å teikna etter, korleis han blei bedt om å bidra med eigne manus, og etterkvart òg kvifor han etterkvart slutta som Donald-teiknar. Jan Krogh skal ha ros for å ha gjennomført eit så interessant intervju -- der dei fleste journalistar nok ville ha pøst på med spørsmål, får ein her eit inntrykk av at Aasnes fekk snakke fritt så lenge han måtte ønskje. Intervjuet er både interessant og spennande, både for fans av Aasnes og for alle som måtte lure på korleis det var å skrive Donald for Gutenberghus på 1970-talet. Kanskje den beste artikkelen i bladet.

D 3663: Donald Duck -- Musikalsk gjerde
Manus: Jim Kenner. Teikningar: Håkon Aasnes. (1 side)
Tidlegare utgitt i Donald Duck & Co. 13/1977.

Nok eit døme på teiknestilen til Aasnes, i dette tilfellet ei historie han ikkje skreiv manus til sjølv, om at Donald ergrer seg over støyen som oppstår når Ole, Dole og Doffen speler «musikk» ved å banke på gjerdet. Denne sida må eg innrømme at eg likte langt betre enn førre døme: Vitsen er langt festligare (og mindre forutsigbar), Ole, Dole og Doffen har eit par fleire ansiktsuttrykk enn i førre historie, ansiktsuttrykka til Donald passer faktisk saman med det han driver med, og fargeleggjarane har klart å fargeleggja berre *ein* himmel rosa (så blei rettnok graset gult i tre ruter, men pytt). God prestasjon både frå manusforfattar og teiknar!

Mini-indeks
(1/2 side)

Ei oversikt over historiene Håkon Aasnes har skrive. Nokre av historiene mangler det beskrivelse av, og redaksjonen ber om hjelp til å utfylle lista så dei kan trykke den komplett i neste nummer av Donaldisten. Så om du har tilgong til D 3815, D 3860, D 3864, D 3872, D 3873, D 3904, D 3916, D 3965 eller D 3966, vil det sannsynlegvis bli godt motteke dersom du sender ein mail til Donaldistene med informasjon om kvar historiene er utgitt og kva tittel dei har.

(Donald-historie utan tittel)
av Håkon Aasnes (8 sider (4 teikneseriesider trykt i dobbel storleik))

Her gjengir Donaldisten noko så spennande som teikningane til ei Donald-historie som aldri blei utgitt. Teksten mangler, det same gjer fargeleggjinga (det siste gjer meg absolutt ingenting), men ein klarer likevel å danne seg eit bilete av kva som skjer i historia: Donald og nevøene går på fjellet og kjem til ei hytte, dei finner ut at det er bjørner på fjellet, og i nattas mulm dukker bjørnen opp for å spise dei opp. Eg skal ikkje uttale meg så veldig om historia her (vanskeleg når teksten mangler), bortsett frå at den verker ganske spennande. Men eg må seie at teikningane er det svært høg kvalitet over. Desse teikningane gir assosiasjonar til mange av dei beste teiknarane i dag, og hadde eg ikkje visst betre hadde eg kanskje gjetta at dei var av Vicar. Figurane er livaktige og formidler kjensler på ein svært god måte, og det viser absolutt at Aasnes er ein teiknar som har vore i utvikling, og med arbeidet for Gutenberghus har klart å bli ein langt betre Donald-teiknar enn han var då han starta. Hatten av i salutt!

"Ulovlig forsøk på å agere appelsin"
av Dag Nygaard (3 sider)

Ein merknad før eg skriver omtalen av denne artikkelen: Denne artikkelen blei skrive åtte år før bladet blei utgitt, og den er ein av fleire artiklar i bladet som har oppnådd ein slik alder. Grunnen til dette er at Donaldisten nummer 26 kom ut i 1995, og då som i 2004 blei det lova at no skulle Donaldisten byrja å kome ut fast igjen. Som eit resultat av dette fekk Donaldistene inn ein del stoff dei kunne bruke i neste Donaldisten. Neste Donaldisten veit vi no at ikkje kom ut før ni år seinare -- kva skulle dei då gjera med alt det gode stoffet dei fekk tilsendt i 1996? Dei har valgt å trykke det. Eg kan forstå den vurderinga, men eg misliker likevel at det er gjort på denne måten. Denne artikkelen var sannsynlegvis ein veldig bra artikkel i 1996. Åtte år seinare er den kraftig utdatert, og å så berre trykke den utan å oppdatere den, som om ingenting har skjedd på dei åtte åra, er etter mi meining ein smule drøyt. Det opplysast rettnok om dette, og artikkelen hadde som sagt nok vore ein veldig god artikkel om den hadde blitt utgitt i 1996 -- men eg føler at slikt nok burde ha vore oppdatert før ein satte det på trykk i 2004.

Vel, så til artikkelen: Dag Nygaard skriver her ein relativt interessant artikkel om William Van Horn. Ei halv side er satt av til å gjennomgå nokre fakta om Van Horn (her er Van Horn feilaktig omtalt som kanadier, men det var òg den einaste feilen eg klarte å finne), medan resten av plassen inneheld gjennomgong av nokre av Van Horns historier, der Nygaard framhever trekk ved desse historiene han synest er typiske for Van Horn. Enkelte utsagn reagerer eg på med undring («Onkel Jubalon er ikke med på Don Rosas stamtre for endene, så det mest sannsynlige er vel at han bare later som han tilhører Duck-slekten, for å få et påskudd til å snylte på Donald og Skrue»), men uansett er dette ein ganske god artikkel tydelegvis skrive av ein sann Van Horn-fan, og det eg først og fremst saknar her er å sjå denne artikkelen på trykk åtte år tidlegare.

Vedtekter for foreningen Donaldistene
(ca. 1/2 side)

Vedtektene slik dei såg ut 1. februar 2004. Desse skal eg ikkje dvele med, ettersom dei kan lesast her.

Referat fra årsmøte i foreningen Donaldistene
(ca. 1/2 side)

Eit referat frå årsmøtet, avholdt 1. februar 2004. Saker som blei behandla var vedtektsendringer, årsrapport med regnskap for 2003, kontigentfastsetjing og val. Jan Petter Krogh blei vald til ANDfører og Njål Gulbrandsen blei vald til førstedonaldist. Ein interessant detalj er at møtet blei arrangert på «Onkel Skrues kontor i Tegneseriemuseet i Norge» -- eg humra godt då eg leste dette, då eg vil tippe at det er plass til fire personar i det rommet. Dersom ein står tett. Gir eit inntrykk av at oppmøtet på årsmøtet ikkje var allverda ...

Donaldistisk kulturgods til salgs
(2 sider)

Ei liste over ting Donaldistene selger: Donaldisten, Donaldisten solohefter, andre norske, danske, svenske, engelske og tyske hefter, samt buttons.

Marco Rota intervjuet via Jon Gisle av JPK
av Jan P. Krogh (2 sider)

Eg er usikker på om eg skal omtale dette som ein artikkel eller som eit intervju. Den er omtalt som eit intervju i bladet, men den er absolutt ikkje oppbygd som eit intervju, sjølv om ein skjønner at det må ha funne stad eit intervju som denne artikkelen er basert på. Eg er òg veldig nysgjerrig på korleis eit intervju via mellommann kan ha funne stad ... Artikkelen er svært rik på Marco Rota-informasjon. Ein får eit inntrykk av at intervjuet er gjort i samanheng med Rotas noregsbesøk seint på 1990-talet, men det er vanskeleg å seie. Uansett kjem det fram veldig mykje god informasjon her -- om Rotas inspirasjonskjelder, teiknestil, hans syn på Donalds foreldre, kva han har jobba med før han byrja med Donald, at han har blitt æresborger i ein liten landsby han brukte som bakgrunn i ei Donald-historie, at han liker western, kvifor han ikkje kjem til å skrive ei Donald-historie om Noreg, hans syn på forskjeller mellom amerikanske og søreuropeiske historier, og kor raskt han klarer å teikna teikningar for publikum. Om Aasnes-intervjuet er den beste artikkelen i bladet, er dette heilt klart den artikkelen som klarer å presse inn mest mogleg interessant informasjon på ei og ei halv side med tekst.

Forfatteren av "Donaldismen" Jon Gisle om Donald Duck & Co.
av Jan P. Krogh? (2 sider)

På Raptus 1998 haldt Jon Gisle ein tale om Donald-bladets 50-årsjubileum. Denne artikkelen er eit samandrag av den talen. Ein får eit inntrykk av det var ein fengjande tale om 1948 og dei første åra med Donald Duck & Co. Om korleis bladet var oppmuntring i eit land som sleit med rasjonering og gjenoppbygging etter krigen, om korleis skolelærerinne Helene Conradi Kløvstad blei tatt inn for å berolige eit skeptisk publikum ved å lage norske namn og skrive på læreboknormal, og om kvifor Donald straks tok store delar av teikneseriemarknaden. Som bonus får ein eit fotografi av Jon Gisle som spiser bløtkake.

Er Donald Duck født fredag den 13.?
av Rolf Bjerknes (4 1/2 side)

Nok ein artikkel som har samla støv i åtte år -- men denne tåler tidens tann og er underhaldande lesning. Så veldig donaldistisk relevant er den ikkje, artikkelen handler meir om matematikk, men interessant lesning er det like fullt. Bjerknes skriver at enkelte påstår at Donald er født 13. mars 1931 (han kjem diverre ikkje inn på kven det er som påstår dette, og kvifor -- synd, det kunne eg gjerne tenkja meg å vite!), og at grunnen til at han er så uheldig er at dette er fredag den 13. Men var eigentleg 13. mars 1931 ein fredag? Resten av artikkelen går via informasjon om at den 13. oftast faller på ein fredag, korleis kalenderen har blitt utvikla med skuddårsdag i den julianske kalenderen og 400-årsregelen i den gregorianske kalenderen og kva tidspunkt det er normalt å starte tidsrekninga si på til å ved hjelp av modulorekning beregne matematisk korvidt 13. mars 1931 var ein fredag eller ikkje -- noko den forsåvidt var. Svært interessant artikkel, til tross for at donaldrelevansen er haltande.

Intervju med Don Rosa
av Tor Martin Bjuland (2 1/2 side)

Tidlegare Kvitt eller Dobbelt-deltakar Tor Martin Bjuland presenterer her eit intervju med Don Rosa, gjort 2. november 1995 eller 1996 i Oslo. Ettersom dette er eit intervju, har ein her større forståelse for at informasjonen ikkje er oppdatert enn ein har ved Van Horn-artikkelen: Her får ein informasjon direkte frå Don Rosas munn, om korleis han blei interessert i teikneseriar og kva og korleis han teikna då han var liten, og ikkje minst ein grundig presentasjon av arbeidsrutinene til Don Rosa. Då intervjuet no er ti år gamalt, må ein gå ut frå at nevnte arbeidsrutiner er noko forandra (med tanke på Dons produksjon dei siste åra, tviler eg litt på at han framleis jobber 8-10 timer fem dagar i veka og aldri kunne tenkja seg å ta seg ein fridag for å gjera noko han har lyst til), men det er likevel svært interessant lesning å få vite korleis han jobba i 1995. Medan Nygaards Van Horn-artikkel var interessant synsing som fort blei utdatert, har dette i form av å vera direkte uttalelser frå Don Rosa om barndomen og arbeidsrutinen hans nestne historisk verdi. Det er rett og slett interessant informasjon som ikkje går ut på dato. Bjuland er openbart ein sterk Don Rosa-fan (Rosa omtalast i ingressen som «alle donaldisters helt»), og det gjer at han stiller svært gode spørsmål. Skal eg klage på ein ting må det vera at halvparten av teksten som står trykt i dette heftet handler om dei teikningane Don laga då han var 5-6 år gamal (noko eg ærleg talt ikkje opplever som kjempeinteressant), i tillegg til at eg sjølvsagt alltid misliker at ein tekst blir delt over to nummer (særleg når det andre nummeret er mininum to år forsinka). Men eg kan ikkje seie anna enn at dette intervjuet gir ganske høge forventningar til Donaldisten 28.

AR 118: Onkel Skrue -- Fysisk fostring
Manus: Gary Leach. Teikningar: Don Rosa (2 sider)
Tidlegare utgitt i Donald Duck & Co. 29/2003 og i Hall of Fame: Don Rosa.

Eit døme på Rosas teiknestil. Historia omhandler at Skrue trener til den store millionærolympiaden. Historia er ikkje det aller beste verken Rosa eller Leach har prestert, men den inneheld nokre morosame gags.

Donaldister møter donaldister i Donaldisten
(1 side)

Informasjon om kva ein donaldist er, kvifor ein bør bli medlem av Donaldistene, og korleis ein blir medlem av Donaldistene.

D 3816: Donald Duck -- Fiskelykke?
av Håkon Aasnes (1 side)
Tidlegare utgitt i Donald Duck & Co. 53/1976, 29/2986 og i Donald Ducks Show 4/1991.

Bladet avrundast med ei siste enkeltside av Håkon Aasnes, og nok ein gong er Donald på fisketur. Denne gongen ergrer han seg over å ikkje få fisk då nevøane plutseleg får auge på det dei trur er ei klokke på botnen av elva. Festlig gag, og eg har ingenting å utsetja på teikningane heller.

Alt i alt: Er dette eit bra blad? Bør ein bruke 40 kroner på dette, eventuelt melde seg inn i Donaldistene for å få to slike blader pluss button og diplom for ein hundrelapp? Ja, det bør ein absolutt! Bladet inneheld mykje eksklusiv informasjon om fleire av dei store serieskaparane i dag -- såpass djuptgåande informasjon om både Rosa, Rota og Van Horn i same blad er eigentleg god nok grunn til å kjøpe bladet, og slenger ein inn eit langt intervju der Håkon Aasnes får ganske mange sider å snakke om Donald-karriera si på, er det ingenting anna å gjera enn å måpe smilande og løpe til Brandbu for å kjøpe. Eg er ærleg talt ein smule misfornøgd med at Donaldisten ikkje kjem ut oftare enn det gjer -- når skribentar leverer artiklar dei forventer at skal stå på trykk i 1996, er ikkje artiklene like virkningsfulle når dei trykkast i 2004. Og når ein lovast at del 2 kjem i neste nummer av Donaldisten som det jobbast med å få ut i løpet av seinhausten 2004, er det irriterande å ha måttet vente i to og eit halvt år og framleis ikkje ane om ein får eit nytt blad snart. Men når Donaldistene først presterer, presterer dei knakande bra -- og dette nummeret av Donaldisten er eit glitrande døme på at Donaldismen lever i beste velgåande i dag. No håper vi berre at nummer 28 er like rundt hjørnet!

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til laurdag 18. november 2006

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.