Siste oppdatering: Teikneseriemuseet stenger



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Rosa-historie usensurert på engelsk

Andeby Online > Nyhende > Rosa-historie usensurert på engelsk

Don Rosa-historia «The incredible shrinking tightwad», som tidlegare berre har vore utgitt i sensurert utgåve på amerikansk, kjem i usensurert versjon i Uncle Scrooge #359, melder Scoop.

Første gong historia blei utgitt på amerikansk var serien både sensurert og delt i tre. Det var Disney som valde å sensurere historia -- årsaka til dette var hygieniske ting -- at B-gjengen hadde masse lus i håret, at B-gjengen hadde uemballerte svisker i lommene, og så bortetter.

Desse tinga var ikkje bortsensurerte i den norske utgåva, då «Mindre og mindre» blei utgitt i DD39-41/95, men Rosa laga ei eiga side spesielt for den amerikanske utgåva, så utgåva som no kjem ut er altså likevel ei side lenger enn den norske utgåva. Den norske utgåva var forsåvidt òg utgitt i tre delar.

Dette er altså ei anledning til å få denne historia i *fullstendig* format som tidlegare ikkje eksisterer i så veldig mange land, på Rosas originalspråk.

Kjelde: <a href="http://scoop.diamondgalleries.com/scoop_article.asp?ai=13662&si=122">Scoop</a>

Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til måndag 30. oktober 2006

Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.