
Andeby Online > Nyhende > Donaldismen forsinka
Den nye utgåva av Jon Gisles Donaldismen, som skulle ha vore lansert på Raptusfestivalen i Bergen i helga, er utsatt til 23. oktober.
Under eit intervju og ein paneldebatt på festivalen gav Gisle nokre innblikk i kva som vil vera forandra frå førre utgåve. Boka vil ikkje innehalde oppdateringar om kva som har skjedd sidan 1973, då forfattaren meiner at bokas opprinnelege målgruppe vil vera einige i at absolutt ingenting har skjedd sidan 1973. Boka vil heller ikkje innehalde biografisk materiale som ikkje var tilgjengeleg den gongen, ettersom det finst vitskaplege teoriar om at Amerika ikkje eksisterer, og at ein difor ikkje kan seie noko sikkert om Carl Barks, Vicar og andre amerikanske serieskaparar.
Derimot vil boka innehalde eit nytt kapittel om lov og rett i Andeby, og eit kapittel om donaldistiske foreiningar: «Ein ting som overraska meg då eg dykka ned i dette materialet,» sa Gisle, «er at nesten alle dei donaldistiske organisasjonane som oppstod på 70-talet framleis er aktive. Den norske donaldistforeininga gir framleis ut eit medlemsblad regelmessig, der ein med regelmessig meiner at kvart nummer bruker dobbelt så lang tid på å kome ut som det førre.»
Vi venter spent på 23. oktober.
Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til måndag 11. september 2006
Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.

