
Andeby Online > Nyhende > Piratliv med Mikke og Jack Sparrow
I dag har Disney-filmen «Pirates of the Caribbean: Dead Man's Chest» premiere. Donald Duck & Co. markerer lanseringa av denne filmen med eit stort piratnummer. Neste vekes Donald, som inneheld svimlande 152 sider, har ei rekke piratrelaterte sider, inkludert teikneserieutgåva av filmen!
Ja, i Donald Duck & Co. 29/06, eller nærare bestemt eit bilag til Donald Duck & Co. 29/06, får du møte Jack Sparrow, Will Turner og Elisabeth Swann, trekløveret frå piratfilmen som gjorde stor suksess verda over for tre år sidan. I «Dead Man's Chest» møter kaptein Jack Sparrow nye utfordringar når ei gamal pakt tvinger han til å oppgi si sjel til Davy Jones -- kapteinen på Den Flygende Hollender. Imidlertid finst det ei kiste gøymd ein stad som inneheld hjartet til Davy Jones, og den som har dette, kan kommandere Jones til å gjera kva han vil ... Korleis dette går kan du sjå på kino, eller du kan lese heile historia i neste vekes Donald Duck & Co.
Det er ikkje berre i Karibia det kryr av sjørøvarar for tida, forsåvidt. I same blad finner vi ein Fallberg/Murry-reprise på 21 sider om Mikke Mus og piraten Svartskjegg. I denne historia får vi sjå kva som skjedde for 200 år sidan, då ein forfar av Mikke måtte kjempe mot den verste skurken på dei sju hav. Av andre sjørøverrelaterte emne følgjer det òg med eit piratspel i bladet, og vi får siste del av B-gjenghistorien «Sjørøverne på Krabbeøya».
Av andre historier i bladet kan det spesielt nemnast at William Van Horn er tilbake med ei ny historie der Donald prøver seg som kunstkritiker, og at Lars Jensen og Maximino viser oss eit glimt frå 100 år inn i framtida, der ein guide på Calisota Historiske Museum fortel historia om kva som eigentleg skjedde med Skrue McDuck.
<b>Donald Duck & Co. 29/06 er i butikkhyllene frå 17. juli!</b>
Av Olaf Moriarty Solstrand, lagt til fredag 14. juli 2006
Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.

