
Andeby Online > Nyhende > Donald Duck & Co 28/2006
God dag, og velkomen til vekas omtale, av eit blad som er tjukkare enn vanleg, og det av særs god grunn. Barks sitt eventyr om Gullhjelmen er nemlig sommaren si første spesialhistorie.
Som vanleg oppsummerar eg alt det som ikkje er seriar for seg.
Forsida viser ein sjeldant barnsleg Skrue i bingen, leikande med Ole, Dole og Doffen. Sjørøvertema. På side 26 har vi eit nytt innslag i den artige ”jorda rundt”-serien. Landa denne veka er aust-europeiske, deriblant Latvia og Russland.
Side 67 representerer Hodepine, fire heilt ordinære oppgåve-sider, med ei krimgåte (D 2004-115) av Wiktor Ericsson og Miguel, nokså god óg. Latterkrampe får vi på side 76, og på side 88 finn vi to sider ”Kvakktuelt” med tema sjørøvarar. Premieoppgåva er ei slags ”finn 5 feil”-oppgåve, kor ein kan vinne ei ”Pirates of the Caribbean”-pakke.
No nok tull! Historier!
Første story ut er skriva av the McGreals, og teikna av Wanda Gattino. ”Hvem er hvem?” er tittelen, og Ole, Dole og Doffen samt Tobben har hovudrollene. Dei ovannemnde gutane er på tur i ein nyåpna park, som dei blir svært skuffa over. Treskehagens barnepark inneheld svært lite som er til underhaldning for barn. Men kva når Tobben viser seg å vere heilt lik sonen til Treskehagen, som han tilfeldigvis spring på? Treskehagen er ein feig, men nysgjerrig unge, som ikkje får lov til noko heime, og Tobben si rake motsetjing. Allikevel finn dei ut at dei vil skifte plassar, Tobben havnar i eit palass med ein særs overbeskyttande far, medan Treskehagen får føle påfunna til Ole, Dole og Doffen på kroppen. Gagnar det Tobben eller Treskehagen? Og kan det føre til noko bra for parken? Det ender vel godt til slutt uansett.
(D 2003-162)
I neste historie, kalla ”Dersom, hvis, såfremt, i fall”, har Petter Smart laga ei oppfinning med same namn. Den viser korleis små tilfeldigheiter kan få store konsekvensar. Skrue forlét Donald i hardt kostearbeid for å spørje maskina om kor han hadde vore om han ikkje hadde hatt lykketiøringen. Maskina fortel heile historia, som ender i ei openberring for Skrue. Det rare med historia er i mine auge at maskina byrjer si historie med at Skrue prøvar å bruke tiøringen på øl. Hæ? Då hadde han jo uansett ikkje hatt den no,og i alle fall ikkje som den inspirasjonen den er meint å vere. Idéen er uansett brukbar, og noko for eksempel Don Rosa kunne ha behandla med eit meir inspirert resultat om han ville. Paul Halas gjer uansett ein god jobb, det same gjer Massaroli, som eg vanlegvis ikkje har så mykje til overs for. Og moralen er jo god.
(D 2005-102)
Tredje historie, og vi er på gard. Våre tre yngste nevøar held på å koke over i høge temperaturar, heilt til dei oppdaga reit gamalt, uttørka vasshól. Det hadde vore ein flott stad å kjøle seg ned, tenkjer dei, og fyller det opp. Men pågongen blir uventa stor når ein helst vil halde noko hemmelig, og det viser seg å bli ei slitsam fornøying.
5 sider enkel underhaldning frå Lars Jensen og Millet. Namnet er ”Doffendammen”.
(D 2004-253)
Vekas spesialhistorie, og sjølskrevne høgdepunkt, følgjer.
Dei aller fleste har lese Carl Barks’ beretning om Donald som kjeder seg i hjel som museumsvakt, der han viser folk vegen til sommarfuglutstillingar og blondeutstillingar. Om same Donald, som oppdaga rein mystisk mann i eit vikingskip, og eit minst like mystisk kart same stad. Kartet fortel om den første reisa til Island, gjort av høvding Olav Blåøy i år 900 og 901. På veg dit sneiar han nord-Amerika, på Labradorkysten ved 59. breddegrad. Her planta han ein gullhjelm som bevis på at han hadde vore der. Staden er merka av på kartet, og den som får tak i hjelmen blir ved lova konge av nord-Amerika! Mannen i skipet har imidlertid onde hensikter i så måte. Han er Stein Blåøy, etterkommar av Olav, og har difor retten på kartet. Anar vi kva planar mannen har? Det gjer i alle fall Donald, og etter å ha notert ei skisse av det no tapte kartet etter hukommelsen, startar kappløpet med Stein Blåøy om gullhjelmen, og nord-Amerika. Ole, Dole og Doffen er også med på dette fantastiske eventyret, som må vere eit av dei beste Carl Barks har forfatta. Kjøp bladet, endåtil fleire, om berre for denne historia! Du vil ikkje bli skuffa, dette er Disney-teikneseriar på sitt ubestridt beste, og overraskande, intelligent lesning alle dei 32 sidene historia varar. Har du ikkje lese denne før, sleng frå deg alt du har mellom hendene og spring på bua før dei stengjer! Kanon. Absolutt kanon.
Historia var utgjeva første gong i Walt Disney’s Spesialhefte 9, i 1954. Sidan det har ho vore trykt opp i både årgangsbok, ”Carl Barks’ beste”, og bilag til nummer 14 i 1993, i tillegg til fleire andre bøker. Oversetjinga her er oppdatert, men ikkje ny, skjønt særs god. Presentasjonen er fin, på tjukke, gule sider. Løyp og kjøyp!
(W/O.S 408-02)
No skal vi til Holland, og ei nokså Barks-aktig historie, ”Feil nummer”, som Frank Jonker og Sander Gulien har ”fiksa”. Lodd har ei framtredande rolle her. Anton kjøper lodd i Andebylotteriet, alltid med siste siffer 8. Dette får Donald vite, og sidan du kun treng å ha det siste sifferet rett for å vinne i dette lotteriet, kjøper også han lodd med 8 i enden. Men skjebna er som kjend lunefull, og når Anton sitt siffer forandrar seg blir det heile nokså artig og stressa. Særs underhaldande 4-sidar med flott utført repetisjonsprinsipp. Thumbs up, rocks off.
(H 24235)
Neste historie er ekteparet McGreal si andre historie på trykk denne veka. Men i motsetning til den forrige er dette ei Mikke-historie. Den heiter ”Truende sommerskyer”, er teikna av Maximino, og byrjer med at Mikke kjøper eit armbandsur til Minni i anleidning 1-årsdagen for deira første stevnemøte (!)
Det som skal bli ein vakker jubileumsdag tek diverre ei negativ vending då Mikke er litt for snartenkt og kastar sin utkåra i bassenget på bassengfest hos Klara Ku, rett etter at frøken Mus har vore til venleiksbehandling. Minni vil sjølvsagt ALDRI sjå Mikke igjen, og innroinga går i gong…
Ikkje ei historie eg kjem til å referere heftig til eller hugse i detalj for alltid, men akkurat nok. Flotte teikningar, det skal i alle fall vere sagt. Men noko mykje meir er det for all del ikkje.
(D 2004-190)
Framhaldshistoria av veka har B-gjengen som stjerner. I ”Sjørøverne på Krabbeøya” av Per Hedman og Vicar følgjer dei eit uvitande TV-team innover ei lita øy til det dei håper skal vere ein kjempeskatt ein gong tilhøyrande kaptein Krabbe. Planen er å snappe skatten rett framfor auga på TV-folka, som igjen er dei som ledar veg til skatten. Det viser seg allikevel at det er ein anstrengelse å følgje eit ambisiøst fjernsynsteam. Og når det i tillegg kjem innblanding av uventa karakter, ser det sææærs skummelt ut for knallgutta.
Heilt ordinær historie, som vanleg flott teikna av Vicar, dog utan den store spenninga ellers. Eg kjem ikkje til å bite naglar til neste mandag, for å seie det slik. Men then again, når gjorde eg det for Donald sist?
OK saker, men ikkje noko høgdepunkt.
(D 2004-230)
Siste historie er som alltid ein einsidar, denne gong frå Holland. Kirsten de Graaf og Mau Heymans er menneskja bak, og namnet er ”For mye av det gode”. Temaet har vi vore borti før; ekstremt heitt vér. Men denne historia er berre dum. Donald har skaffa seg ei vifte, som viser seg å bli litt for kraftig. Tåpelig, og ytterst usannsynlig, sjølv til teikneserie å vere. Men det er jo kun éi side, og betre enn dei skumle franske einsidarane vi fekk servert for nokre år sidan. Allikevel: betre lukke neste veke, hollendarar!
(H 24287)
Kort oppsummert er dette eit nummer du bør investere i, og, om du ikkje har lest ”Gullhjelmen”, MÅ investere i. Eit par andre fine moment er her også, som gjer bladet verdt dei 33 kronene det kostar, då i hovudsak ”Feil nummer”, og den fine plakaten som følgjer med, med oljemaleriet basert på ”Gullhjelmen”. Sjørøvarsettet med augelapp og skallekjede greier du deg nok forhåpentligvis utan, sjølv om det sjølvsagt er med på å fylle opp dyneposen med ekstrating som du forhåpentligvis har.
Greeeit… då snakkast vi!
Av Jørn Inge Frostad, lagt til torsdag 13. juli 2006
Tilbake til nyheitsoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.

