Andeby Online > Diskusjonsforum > Storbug i forumet
Gå tilbake til forumoversikta ...

Grunna eit problem i forumet forsvann ganske mange innlegg frå forumet i går kveld. Heldigvis var det berre to fil som blei alvorleg skada, noko som medførar at det meste er på plass igjen no.
Imidlertid var ei av dei to filene som blei skada, ei ganske viktig fil som innehaldt ganske mykje informasjon om innlegga i forumet. Denne fila inneheld titlar på alle trådane i forumet, samt informasjon om kven som har lest kvart innlegg, kor mange som har lest kvart innlegg og eit par slike ting. Eg har no rekonstruert dei 150 titlane som forsvann etter minnet (eg har ikkje hugsa alle trådtitlane, men trur eg har klart å halde på intensjonen i dei alle) - og det er i hovudsak det (samt rekonstruering av innleggnummer, ein svært tungvint operasjon eg heldigvis klarte å jukse meg fram til med eit script, det hadde tatt dagar eller veker å gjera det manuelt) som er grunnen til at det har teke så lang tid å få dette opp igjen. Dersom du ser at eg har endra på ein trådtittel og du foretrekker den gamle, er det lov å seie frå (så lenge du kan hjelpe meg med å hugsa kva den gamle er), eller enno betre: Er det ditt innlegg, løysar du problemet sjølv med "rediger"-lenkja.
Registrerte brukarar legger nok merke til at dei nyaste 150 trådane eller noko slikt er markert som uleste. Dette er fordi eg rett og slett ikkje har kunnskap til å rekonstruere informasjonen om kven som har lest trådane og ikkje - men for å fjerne denne markeringa, går det heldigvis an å klikke "Marker alle som lest".
Ein annan ting enkelte vil merke er at e-postvarsel for desse trådane har blitt avslått. Av same grunn - informasjonen er sletta, og eg klarar ikkje å gjenopprette han.
Beklagar dei ulempene dette har medført - men no skal eg sove, så eg håper at folk er fornøgde så langt inntil det er morgon igjen.
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø
22.11.2004, 02:42

Det er fortsatt en bug i systemet.
Jeg skrev noen innlegg og så oppdager jeg at de ikke eksisterer. Det har kun blitt tomme innlegg uten forfatter eller noen ting.
... og jeg var innlogget fordi jeg fikk registrert at jeg leste innlegg.
Lars Olav
32 år, Grimstad
22.11.2004, 10:43

Lars Olav skreiv:
Det er fortsatt en bug i systemet.
Jobber med saka. Rett og slett ein følgefeil - i den svære manuelle prosessen eg måtte gjennom i går, kom det små slurvefeil som tydelegvis gjorde litt skade.
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Innlegget blei sist redigert 25.11.2004, 01:08 av Olaf Moriarty Solstrand
Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø
22.11.2004, 12:30

No TRUR eg at alt er i orden.
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø
22.11.2004, 12:41

Same bug har slått til igjen. Denne gongen hadde eg heldigvis litt meir backupmateriale, pluss at eg hadde liggjande dei scripta eg bruke for å fikse det førre gong, så oppfriskinga gjekk ganske smertefritt. Med to bivirkningar: Alle e-postvarsel på trådar oppretta etter juni i år er borte, og alle dei same innlegga er IGJEN markert som nye hos alle registrerte brukarar. Men det håper eg at alle klarar å leve med.
Ettersom dette tydelegvis er eit større problem enn eg hadde forventa (det ER det når det skjer to gonger på så kort tid), har eg no gjort eit tiltak for å minimere sjansen for at dette skjer igjen. Det har eg gjort ved å fjerne teljarane som teller kor mange som har lest kvar tråd. Beklagar til alle som eventuelt måtte sakna dei, men dei er faktisk hovudgrunnen til at sånt skjer. Ved å fjerne denne funksjonen er forumet GANSKE trygt for nye slike situasjonar (sjansen for at det skjer igjen har gått ned med 99 prosent eller noko slikt).
Og berre så det er sagt: ALLE innlegga overlevde kræsjet denne gongen - eit par trådar fekk nok nye namn, men ikkje meir enn det, då eg hadde dei fleste namna i backup denne gongen.
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø
30.11.2004, 23:16

Olaf SolstrAnd skreiv:

Meget bra jobbet, Olaf!
Amerikansk Don Rosa Index (1987-2007) til salgs:
http://duckman.pettho.com/usindex.html
Gode råd om norsk rettskriving:
LES HER
Sigvald Grøsfjeld jr.
http://duckman.pettho.com/
Sigvald
41 år, Stavanger
01.12.2004, 00:15

Hmmm...
Noen grunn til at jeg først fikk opp forumet i dag (3. desember - kveld)? I flere dager har beskjeden om at nok en storbug var funnet sted i forumet kommet, først i dag fikk jeg tilgang på forumet. Forvirret oppdaget jeg at det var skrevet innlegg både i går og på onsdag, på tider da jeg ikke fikk opp forumet. Noen grunn til det?? (utestengelse noen dager?
)
Mvh,
Håvard
http://home.no.net/piacere/
Håvard
19 år
04.12.2004, 00:06

Hm ... KAN grunnen vere at du har hatt feilmeldinga liggjande i cache, og difor rett og slett ikkje fått opp sida før fordi du ikkje har oppdatert sida? Verkar som om det er det mest sannsynlege.
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø
04.12.2004, 01:44

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.