
Andeby Online > Diskusjonsforum > Bug i forumet
Gå tilbake til forumoversikta ...

Ser ut som om vi har eit problem med tråden "Dilly". Eg trur at dette har tilknytning til eit serverproblem, men skjønar ikkje kvifor dette isåfall ikkje påverkar dei andre trådane.
Skal undersøke så godt eg kan kva som er galent. Såvidt eg kan sjå verkar dei andre trådane i forumet - men om problemer oppstår utanfor denne tråden, ta kontakt med meg på e-post olaf punkum solstrand krøllalfa andebyonline punktum com eller telefon 957 08 325.
Om eg klarar å løyse dette problemet, vil eg sjølvsagt varsle om det i denne tråden.
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø
08.09.2004, 18:02


No er dette fiksa, og det er berre å diskutere "Dilly" igjen. (medan eg haldt på å tukle var i nokre få minutt alle trådane låste, det har eg òg fiksa no.)
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø
08.09.2004, 18:30


Olaf SolstrAnd skreiv:
No er dette fiksa, og det er berre å diskutere "Dilly" igjen. (medan eg haldt på å tukle var i nokre få minutt alle trådane låste, det har eg òg fiksa no.)
Hva var det som var galt?
Amerikansk Don Rosa Index (1987-2007) til salgs:
http://duckman.pettho.com/usindex.html
Gode råd om norsk rettskriving:
LES HER
Sigvald Grøsfjeld jr.
http://duckman.pettho.com/
Sigvald
41 år, Stavanger
08.09.2004, 22:51


Sigvald skreiv:
Olaf SolstrAnd skreiv:
No er dette fiksa, og det er berre å diskutere "Dilly" igjen. (medan eg haldt på å tukle var i nokre få minutt alle trådane låste, det har eg òg fiksa no.)
Hva var det som var galt?
Vel ... alle innlegg har eit nummer. Etter at eg endra lagringsmetode, har det i praksis vore to filer som har hatt med lagring av innlegg å gjere: Ei hovudfil der eg har titlar på alle innlegg og ei liste over nummeret på alle innlegga i tråden, og ei fil pr tråd der eg først og fremst har ei liste med alle innlegga.
Av ein eller annan grunn, kanskje fordi serveren var full, blei eit innlegg lagra utan at det blei lagra eit nummer i lista. Så når scriptet skulle telja kor mange innlegg det var, telja det berre lista med nummer for å gjere det enkelt, og det medførte at det var eit innlegg i tråden som ikkje blei skrive ut fordi dette ikkje hadde noko nummer. Kvar gong nokon skreiv eit nytt innlegg blei det lagt til eit nytt nummer og eit nytt innlegg, noko som medførte at det gamle innlegget som ikkje visast fekk eit nummer, men at det nye innlegget som blei lagt til mista nummeret sitt og difor ikkje blei synleg.
Om dette forklarte noko som helst. :-)
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø
09.09.2004, 08:24

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.

