Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Don Rosa - ALT?!?!?!

Andeby Online > Diskusjonsforum > Don Rosa - ALT?!?!?!

Gå tilbake til forumoversikta ...

Jeg har selvfølgelig de utkomne bøkene i hall of fame serien av Don Rosa. Spørsmålet mitt er enkelt, men alikevel ser det ut til å være vanskelig å finne noe svar på det. Jeg vil gjerne få tak i alt som er mulig å få tak i av don rosa sine Duck-kreasjoner. Kommer det noen gang til å bli produsert noe som gir meg det jeg ønsker, eller,bedre;finns det noe slikt allerede??

hegdal
20 år, Eigersund

28.08.2008, 17:36

Hall of Fame har vel som mål å gi ut alt av Don Rosa, dei har berre ikkje kome så langt enno, så om du berre held fram å kjøpe eller abonnere på Hall of Fame, får du det du er ute etter. Aner ikkje om dei kjem til å gi ut alle teikningar og sånt i den serien eller om dei held seg til historier og forsider, men du bør iallfall få det aller meste.

Eksisterande seriar som samler alt Rosa har laga finst ikkje -- det er jo berre eit par år sidan Don laga si siste historie, og han har ikkje offisielt gått ut og sagt at han legger opp før no i vår, så det har ikkje vore tid til å gi ut eit stort samleverk enno. Men Hall of Fame er som sagt på veg, og dei har openbart speeda opp tempoet på Rosa-bøkene der òg, så eg tviler på at det er så veldig mange år før vi har alt av han utgitt i Hall of Fame.

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Skriver flytande fjøslatin

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

28.08.2008, 17:47

Olaf Moriarty Solstrand skreiv:

Hall of Fame har vel som mål å gi ut alt av Don Rosa, dei har berre ikkje kome så langt enno, så om du berre held fram å kjøpe eller abonnere på Hall of Fame, får du det du er ute etter. Aner ikkje om dei kjem til å gi ut alle teikningar og sånt i den serien eller om dei held seg til historier og forsider, men du bør iallfall få det aller meste.

Alternative halvsider til de lange historiene er dessverre ikke med der, men ellers ser det meste til å bli tatt med i HOF-bøkene. AC Sivebæk har, med min hjelp, utarbeidet en nettside, The Two Worlds of Don Rosa med fokus på det alternative materialet som Don har laget i forbindelse med de lange historiene.

Amerikansk Don Rosa Index (1987-2007) til salgs:
http://duckman.pettho.com/usindex.html

Gode råd om norsk rettskriving:
LES HER

Sigvald Grøsfjeld jr.
http://duckman.pettho.com/

Sigvald
41 år, Stavanger

28.08.2008, 18:40

Ah, stemmer. Ja, det verker som om Hall of Fame forsøker å vera meir ein serie for lesarar enn ein serie for komplettistar. Ein annan ting eg blei litt småskuffa over var at «Back in Time for a Dime» var trykt i eit miniformat og ikkje eingong oversatt -- hadde forventa at dei skulle trykke den òg i normalt ei-side-pr-side-format. Men den tok dei i det minste med.

Likevel: Så langt trur eg Hall of Fame blir det nærmaste vi får ei komplett samling av Don Rosas andeproduksjon (så lenge ein ser bort frå diverse ulovlege internettstadar, men det gjer eg) ... og dei problema den serien har, er eigentleg ganske små problemer. Det kan hende at nokre av desse blir endra når serien kjem ut i USA som The Don Rosa Library, men eg trur ikkje det er satt ein lanseringsdato for dette enno.

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Skriver flytande fjøslatin

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

28.08.2008, 19:01

Olaf Moriarty Solstrand skreiv:

Ein annan ting eg blei litt småskuffa over var at «Back in Time for a Dime» var trykt i eit miniformat og ikkje eingong oversatt -- hadde forventa at dei skulle trykke den òg i normalt ei-side-pr-side-format.

Det ble jeg også småskuffet over. Jeg vil tippe at grunnen var at redaksjonen ikke fikk tak i svart/hvitt-kopier av tegningene, og at de derfor ble nødt til å scanne direkte fra den amerikanske utgivelsen.

Tommy
24 år, Odda

28.08.2008, 20:12

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.