Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

2007 i minner

Andeby Online > Diskusjonsforum > 2007 i minner

Gå tilbake til forumoversikta ...

Då er nok eit år over. Kva hugsar vi eigentleg best av donaldiststoff frå året som har gått?

På nyhendefronten har vi vel fått eit nytt donaldisttidsskrift og ein ny Donald-redaktør (iallfall sånn utgivelsesmessig). Don Rosa og Daan Jippes har begge vitja Noreg, og i Sambandsstatane har vi fått sjå eit par nominasjonar til Eisner og Harvey utan at nokon eigentleg vann noko som helst. Skrue har hatt jubileum og har blitt kraftig markert på Oslo Børs, og han har endelig nådd toppen av Forbes-lista. Vi har dessutan fått ei mengde Don Rosa-plakatar for å markere jubileet.

Dei Donald-historiene eg sjølv har flest gode minner frå i 2007, er:
- «Takketalen» (årets morsomste!)
- «Varehusets hemmelighet» (morosam på ein langt særare måte)
- «Skurkeskolen» (Donald Pockets beste i år)
- «Magiens mestere» (Egmont: FLEIRE slike ting!)
- «Sviskekrigen» (Troelstrup på sitt beste!)

Vel, nok frå meg. Kva med dykk, kva er det de hugsar best frå året som har gått?

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)

Innlegget blei sist redigert 01.01.2008, 02:02 av Olaf Moriarty Solstrand

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

01.01.2008, 02:01

Kan ikke la være å ergre meg over det dårlige papiret.
Men de positive sidene er heldigvis mange: Adventskalenderen, CBSV, HOF, Komplette årganger, Daan Jippes på Raptus, m.m.
Koser meg også med internett og AOL (Andebyonline), og Inducks ( oversikt over norske utgivelser m.m.).


49 År. Anbefales: MIRANDA av Inkalill

Øyvind Braaten
49 år, Sarpsborg

01.01.2008, 20:56

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.