Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Feil i forumet

Andeby Online > Diskusjonsforum > Feil i forumet

Gå tilbake til forumoversikta ...

Ofte visar det seg at ein trur at ein kan noko, og så er ein ikkje så flink som ein trudde. At ein rett og slett tabbar seg ut. I dette tilfellet er det eg som har tabba meg ut.

Forumet verkar tilsynelatande ganske perfekt, men eg har klart å gjere ei generaltabbe som rett og slett MÅ fiksast. Eg lagrar ting på ein veldig tungvint måte. Eg har ikkje lagt merke til det før, men det medførar at den samla storleiken på dei lagra innlegga i diskusjonsforumet for augeblikket er på 72 MB. (eg veit at det kanskje ikkje høyrast så veldig mykje ut - men det ER masse.)

Ironisk nok inneheld forumet berre cirka 1,5 MB data. Det vil seie at over 70 MB plass blir brukt berre fordi eg har lagra ting på feil måte.

Dette vil eg prøve å gjere noko med i løpet av veka som kjem. Eg trur eg skal klare å løyse dette problemet utan at nokre av innlegga i forumet forsvinn, men ettersom ting må leggjast om heilt, kan det medføre at forumet vil vere utilgjengeleg ei stund i løpet av veka - berre så det er sagt.

Eg har forresten lagra omtrent alt som finst på Andeby Online på same måte, så eg har litt arbeid framfor meg... men eg veit at folk først og fremst brukar forumet, så då skal eg prøve å prioritere det.

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)

Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø

31.05.2004, 21:40

Olaf Solstrand skreiv:

Ofte visar det seg at ein trur at ein kan noko, og så er ein ikkje så flink som ein trudde. At ein rett og slett tabbar seg ut. I dette tilfellet er det eg som har tabba meg ut.

Forumet verkar tilsynelatande ganske perfekt, men eg har klart å gjere ei generaltabbe som rett og slett MÅ fiksast. Eg lagrar ting på ein veldig tungvint måte. Eg har ikkje lagt merke til det før, men det medførar at den samla storleiken på dei lagra innlegga i diskusjonsforumet for augeblikket er på 72 MB. (eg veit at det kanskje ikkje høyrast så veldig mykje ut - men det ER masse.)
.

Er det dette som er årsaken til at AOL har vært litt tregt i det siste?

Amerikansk Don Rosa Index (1987-2007) til salgs:
http://duckman.pettho.com/usindex.html

Gode råd om norsk rettskriving:
LES HER

Sigvald Grøsfjeld jr.
http://duckman.pettho.com/

Sigvald
41 år, Stavanger

31.05.2004, 21:59

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.