
Andeby Online > Diskusjonsforum > Mimre, mimre: Jubileumsquiz 2004
Gå tilbake til forumoversikta ...

Sit og blar litt i gamle Andeby Online-ting, og kom over jubileumsquizen 2004. Eg må nesten le når eg ser kor enkel den var samanlikna med NM, men likevel var det jo eit imponerande stykke arbeid ...
Der var det ikkje slik at ein fekk presentert spørsmåla eitt og eitt, ein fekk alle 70 spørsmål på ein gong. Kvart spørsmål hadde dessutan fem alternativer. Likevel var det berre to personar, av 83 deltakarar, som fekk alt riktig ...
Dei ti som fekk flest poeng den gongen, var: Einar og Sigvald (70 poeng), Adamant (69 poeng), Lars Martin og erikh (68 poeng), Sølve og trudems (67 poeng), Jørn Inge Frostad (66 poeng) og Vegar og Preben (64 poeng). Artig at mange av desse framleis er aktive i forumet i dag.
For nostalgiens skyld gjengir eg alle 70 spørsmåla her (enkelte av dei omformulerte, blant anna fordi eg har mista alternativa og fordi dei omhandla ting som var aktuelle akkurat då, noko som måtte presiserast). Enkle greier når ein samanliknar med NM og tenker på at vi hadde fem alternativ på kvart spørsmål, men vi hadde kanskje ein uskriven regel den gongen om at det berre var pingler som måtte slå opp svara? 
1. Kva heitar kapteinen på spøkjelsesskipet "Den flygende skotte"?
2. Kor mange nevøar har Donald?
3. Korleis fortsetjar sangen? "O, skjenk meg en grav i det isgrønne hav..."
4. Ein serie av historier som har gått i Donald Pocket, heiter "Langbeins onsdager" og handlar om noko Langbein gjer kvar onsdag. Kva er det han gjer i desse historiene?
5. Kva har Anton i pengeskapet sitt?
6. Kva er etternamnet til fetter Anton, jfr. Helene Kløvstad?
7. Kor ofte kjem det amerikanske bladet "Uncle $crooge" ut?
8. Kva heiter kjærasten til Svarte-Petter?
9. Kven var det som klarte å mure seg sjølv inne i McDuck-slottet saman med skatten sin?
10. Kva farge er det på skoa til Mikke?
11. Kva heitar den svenske donaldistforeininga?
12. Kvar finn handlinga i Rosa-historia "Skipper'n på Cutty Sark" stad?
13. Kva heitte den første Don Rosa-historia som stod på trykk i Donald Duck & Co.?
14. Kven har skrive boka "Jakten på onkel Walt"?
15. Kva er det svenske namnet på Andeby?
16. Kva er mellomnamnet til Donald?
17. Kva instrument spelar Ellevill Pressløs?
18. Kor mange sider har den storslåtte Scarpa-historia "Andebylaget i olympisk form" i den norske utgåva?
19. Når døydde Al Taliaferro?
20. Kva er det fulle fornamnet til Walt Disney?
21. Kva heitar halvbroren til Skrue?
22. Kva heitar fotballaget som Tipp, Topp og Ferdinand spelar på?
23. I ein halvsides gag som stod på trykk i Noreg i 1950, har Mikke faktisk fått ei postadresse i Oslo! Kva var adressa?
24. Kven blei skapt først av figurane Mikke, Donald, Langbein, Svarte-Petter og Skrue?
25. Kva heitar zombien i Barks-historia "Voodoo Hoodoo"?
26. Kva kan ein bruke bombastium til?
27. Kva er fornamnet til den italienske teiknaren Fecchi?
28. Kva heitar åstoppen Skrue har bygd pengebinga si på?
29. At Tormod Løkling og Maikki Fonneløp er redaktørar for Donald Duck & Co, visste du kanskje. Men kven var redaktør før dei to tiltrådde?
30. Når kom Donald Duck & Co nummer 2000?
31. Når hadde "Den kloke lille høna" premiere?
32. Våren 2004 lanserte kjeksprodusenten Sætre produktet Donald-kjeks, med Donald-seriar som vedlegg. Ein annan matvareprodusent prøvde det same hausten 2003 - kva matvare var det snakk om?
33. Kvifor var Skrue den rikaste i Tralla La?
34. Kor mange bøker består Carl Barks Library av?
35. I "Kong Krøsus' skatt" lar Don Rosa Donald synge ein gamal sang om "Lydia, den tatoverte dama". Kven var det som opprinneleg framførte denne (rettnok på engelsk)?
36. Kva var den første historia Carl Barks fekk den norske Sproing-prisen for?
37. Når fekk vi for første gong ei Lilleulv-historie i norsk Donald?
38. Kven var det som skreiv den spennande langlesinga "Amundsens talisman"?
39. I 2004 fekk vi endelig ein norsk Donald-teiknar igjen. Kva heitar han?
40. Kva jobbar Donald som i "Gullhjelmen"?
41. Kven opptrer Filo Filur ofte som partnar med?
42. Korleis blir Langbein til Super-Langbein?
43. Kva er Skrue på jakt etter i Don Rosa-historia "Visdommens voktere"?
44. Kvar kjem professor Tron Dreyerdal frå?
45. Når dukka Petter Smart første gong opp i Noreg?
46. Flemming Andersen, Lars Jensen, Tor Bomann-Larsen, Freddy Milton, Gorm Transgaard ... berre ein av desse forfattarane/teiknarane er ikkje dansk, kven av dei?
47. Kven var forfattaren som gav nytt liv til Mikke-figuren på 1990-talet og gjorde figuren spennande igjen?
48. Når opna Walt Disney World i Florida?
49. Kva slags dyr er favoritteikneseriefiguren til Langbein?
50. Kva heitar Gulbrand Gråstein på finsk?
51. Donald Duck og José Carioca er to av dei tre caballeros. Kven er den siste?
52. Don Rosa kom til Noreg hausten 2004. I kva samanheng?
53. Kva heitar forlaget som gir ut Donald-seriar i USA for tida?
54. Kva heitar hunden til Mikke?
55. Kva heitar donaldisten som har skrive forord til mellom anna den første "De komplette årgangene"-boka og den første "Hall of Fame"-boka?
56. Kor mange sider har ein Donald Pocket?
57. Kven skapte Indiana Beinson?
58. Kva ligg ved sidan av "en stein" på Andeby Museum?
59. Når blei Daan Jippes fødd?
60. Kva fargar har draktane til fotballaget til Andeby?
61. Kven var forfattaren av den aller første Klodrik-historia?
62. Kva heitar klubben Donald og Gasse har i "Den kloke lille høna"?
63. Spøkelseskladden har vanlegvis hette på seg, men ansiktet hans liknar veldig på ein verkeleg person. Kven?
64. Då Donald var riveekspert i Carl Barks' strek, klarte han ved eit uhell å rive Fineklubben Vest. Kvifor gjorde han det?
65. Kven var det som teikna "Tåkeøya"-serien som stod på trykk i Donald Duck & Co i 2003?
66. I samanheng med opninga av Euro Disney var det laga ei historie som har stått på trykk i Donald Pocket, der Skrue og familien må følgja eit slags rebusløp rundt om i Europa for å finne opningsbilletten til parken. På denne reisa er dei innom eitt nordisk land - kva land er det?
67. Kva heitar delstaten Andeby ligg i?
68. Kva heitar James, hovmeistaren til Skrue, på originalspråket?
69. Kva er dei tre første sifra i alle B-gjengskilta?
70. Kva heitar Donald på polsk?
http://www.nettserier.no/pacham/
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
08.04.2006, 21:44


DonaldDuck skreiv:
Spørsmål nr. 5, var ikke det også i NM?
Jo, det var det!
Amerikansk Don Rosa Index (1987-2007) til salgs:
http://duckman.pettho.com/usindex.html
Gode råd om norsk rettskriving:
LES HER
Sigvald Grøsfjeld jr.
http://duckman.pettho.com/
Sigvald
42 år, Stavanger
08.04.2006, 22:04


Ja, nest etter NM, og kanskje registreringsplikten i forumet, er dette sannsynlegvis ein av dei tinga som trakk flest nye brukarar. 
http://www.nettserier.no/pacham/
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
09.04.2006, 15:58

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.

