
Andeby Online > Diskusjonsforum > OK med litt reklame?
Gå tilbake til forumoversikta ...

Ein av dei tinga Andeby Online har fått skryt for gjennom åra, er at sida har vore så ryddig, og aldri hatt noko ekkel reklame. Difor var det med litt skrekk at eg prøvde å leggja eit banner på forsida i dag.
Kva synest folk om at vi har slik reklame? Dersom dette blir svært upopulært, skal det ikkje vere heilt umogleg å fjerne det. Men for det første gjer vi dette delvis som ei teneste til dykk, då det langsiktige målet er å gjere det enklare å finne fram til kvar ein kan få kjøpt Disney-seriar på nett. For det andre er dette kanskje den snillaste måten Andeby Online kan tjene pengar på - og vi har ikkje noko mål om å gå i overskot, her er det først og fremst snakk om å kanskje få dekkja litt av underskotet. Det kostar å ha ei side på nett.
Banneret ein ser når ein går inn på hovudsida, er eitt av fem ulike banner som byttar på å vere oppe. Etterkvart vil vi få ut fleire, og det er og eit kortsiktig mål å få opp ei side der ein kan bla seg gjennom alle bøkene vi har tilgjengelege utan at ein må sitja og vente på at favorittboka skal dukke opp på banner. Med andre ord nesten som ein slags nettbutikk.
Men først er sjølvsagt spørsmålet: Korleis reagerar folk på denne reklamen? Er det ein negativ ting å ha reklame her? Er det eit positivt tilbod? Eller...
http://www.nettserier.no/pacham/
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
14.01.2004, 12:27


Så lenge det er reklame med relevanse til sida (som den som er der no), og i vetuge mengder, burde då dei fleste tykkje det går greit. Det er trass alt de som driv sida som gir oss eit tilbod, og det er berre rimeleg at de ikkje skal tape meir pengar enn det som er heilt nødvendig på det.
Dessutan, så lenge det er Disney eller Andeby-relatert blir det jo nærmast like mykje opplysning som reklame, og det er jo alltid kjekt med meir informasjon.
"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria
Loke Aesir
24 år, Vik
14.01.2004, 12:53


oddvang skreiv:
"- Den venter jeg på!"
http://www.andebyonline.com/butikk.php
"P.S Olaf, har du fått 'Reisa til Key West'? ... Jeg fikk i morges mail om at den ikke kunne leveres fra forlaget..."
Eg har fått same melding som deg.
http://www.nettserier.no/pacham/
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
14.01.2004, 20:58


Reklamen er grei den så lenge det ikke blir for mye av den, og så lenge den holder seg til tema.
Og jeg må innrømme, for første gang på så lenge jeg kan huske klikket jeg faktisk på et reklame banner......
Sverre Amundsen
Sverre
37 år, USA
14.01.2004, 21:54


Reklamen er no fjerna. Det er ingen som har kjøpt noko som helst enno, difor tjenar vi ikkje noko som helst på dette, og då blir reklamen berre til bry.
http://www.nettserier.no/pacham/
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
22.01.2004, 11:41


Dette vet jeg ikke har noe med Donald å gjøre, men er du virkelig fra USA Sverre???
;-)
Nobody is perfect. I'm nobody. Understand!?
kvakki
17 år, Bergen
22.01.2004, 15:22


kvakki,
Ja, jeg bor i Houston, Texas, og har bodd her i 7 år...... Opprinnelig er jeg fra Bergen :-)
Sverre
Sverre Amundsen
Sverre
37 år, USA
22.01.2004, 20:15

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.

