Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Båtgåte

Andeby Online > Diskusjonsforum > Båtgåte

Gå tilbake til forumoversikta ...

Det er ikkje ofte ein føler at ein er bønnhørt, men no lurer eg nesten på om det kan ha skjedd. Eg siktar til krimgåta i vekas Donald-blad. Krimgåtene har eg klaga på fleire gonger, og eg vil tippe at ein svært populær drikkeleik i donaldistmiljø rundt om i landet må vera å finne fram ein stor bunke donaldblad, plukke eit tilfeldig blad frå bunken og drikke dersom fasiten til krimgåta inneheld orda "hvis du ser nøye etter". Og med "nøye" meiner dei tydelegvis "med øynene". Slik har det iallfall vore mange gonger.

Men no får vi tydelegvis noko litt friskare. Vekas krimgåte er intet ringare enn ei "båt-på-elva"-oppgåve! Å fryd, å gammen! Og det er til og med ei "båt-på-elva"-oppgåve som er litt meir original enn ulven, sauen og kålhovudet - ja, eg skal ærleg innrømme at det er ei båtoppgåve eg aldri har sett før.

Kort oppsummert: ei krimgåte der ein _ikkje_ kan finne svaret ved å kaste eit blikk på biletet, men ein faktisk er nøydt til å _tenkja_ litt! OK, svaret er ikkje så vrient å finne fram til, men like fullt krever krimgåta at du _tenker_! Og det er noko eg har sakna i desse krimgåtene. Så vekas krimgåte får så absolutt terningkast seks av meg.

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)

Innlegget blei sist redigert 28.09.2005, 10:21 av Olaf Moriarty Solstrand

Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø

07.09.2005, 09:06

Ja, jeg må innrømme at krimgåta denne uka var bedre en før...
;-)

Mickey
18 år, Horten

07.09.2005, 13:20

Ukens krimgåte var veldig god, ja. Noe som jeg også skrev i omtalen min. Det var kanskje ikke så vanskelig å komme fram til svaret, men de ville vel at de litt yngre skulle ha en real sjanse også. Fortsetter de på denne måten kan det bli veldig bra. :-)

Sigurd
17 år, Sandefjord

07.09.2005, 15:12

Denne gangen var krimgåten ganske bra. Man kunne ikke bare se en gang og finne svaret. Fortsetter de sånn kan det bli bra, som Sigurd sa.

Nicholas
17 år, Sandefjord

07.09.2005, 20:17

Kan glede dykk med at neste krimgåte heller ikkje er ei "hvis du ser nøye etter"-gåte.
Ikkje so serlæg vanskeleg den heller, då.

Dette står i fasiten:

SPOILER:

Hvis Mikke hadde visst litt mer om fisk, ville han ha visst at torsken lever i havet og ikke i innsjøer. Det er en saltvannsfisk og Sleiperud er en juksemaker.

Steinøy
13 år, Gaular

07.09.2005, 20:46

Kan me slå fast at Mette Hald er langt betre til å dikta krimgåter enn Wiktor Ericsson? Hald står i alle fall bak manuset til dei to siste gåtene, og me kan jo håpa at ho òg vil stå skriva som kjem framover.

«Å, Donald! Nå kan ingenting få meg i dårlig humør.»
Dolly Duck.

Sølve
18 år, Ullensvang

07.09.2005, 22:05

beklager å si det, men Krimgåta i nr.38 er en "hvis-du-ser-nøye-etter" krimgåte. Det er også Mette Hald som har skrevet.

Omanga Carl

Magnus Murphy
16 år, Sandefjord

13.09.2005, 20:23

DonAnd skreiv:

Kan glede dykk med at neste krimgåte heller ikkje er ei "hvis du ser nøye etter"-gåte.
Ikkje so serlæg vanskeleg den heller, då.

Dette står i fasiten:

SPOILER:

Hvis Mikke hadde visst litt mer om fisk, ville han ha visst at torsken lever i havet og ikke i innsjøer. Det er en saltvannsfisk og Sleiperud er en juksemaker.

Det herlege med denne er jo at Mikke overhovudet ikkje har peiling i det heile tatt. Så slipper vi å sjå Mikke fastslå det openbare - Mikke er nemlig for dum til å skjønne dette på eiga hand denne gongen. :-)

Kva er det forresten med namna på slike folk? Burde ikkje Andeby prøve å få vedteke ein lov som sa at folk som heiter Sleiperud og liknande ikkje har lov til å delta i konkurranser? Dei jukser jo alltid!

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)

Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø

13.09.2005, 20:26

Olaf Solstrand skreiv:

Det herlege med denne er jo at Mikke overhovudet ikkje har peiling i det heile tatt. Så slipper vi å sjå Mikke fastslå det openbare - Mikke er nemlig for dum til å skjønne dette på eiga hand denne gongen. :-)

Skal jeg være helt ærlig så har jeg aldri vært særlig begeistret for Mikke (og vennene hans: Klara, Klaus Statisk, og noen fler som jeg ikke husker navnet på...).

Mickey
18 år, Horten

14.09.2005, 18:55

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.