Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar

Hugs meg :: Registrer ny brukar

Gøy oversetjingsfeil

Andeby Online > Diskusjonsforum > Gøy oversetjingsfeil

Gå tilbake til forumoversikta ...

Side 1, 2

Såg nettopp på Steg for Steg på TVNorge, der det hadde lurt seg inn ein artig feil i tekstinga ...

Cody gjekk i søvne og innbilte seg at han var fem år gamal. Dette var andre gongen han gjorde det - og kom inn på soverommet til Frank og Carol, så Frank utbryter:
"Oh my God, it's Baby Huey again."

Oversetjaren hadde teksta dette med:
"Herregud, det er Ole Duck igjen."

Uhm, kanskje ikkje heilt riktig Huey? :-)

(for dei som ikkje visste det, er Baby Huey ein veldig tøff teiknefilmfigur frå Famous Studios.)

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Skriver flytande fjøslatin

Innlegget blei sist redigert 28.09.2005, 16:54 av Olaf Moriarty Solstrand

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

28.06.2005, 16:38

Steg for stegt er så ekstremt dårlig, kan ikke fatte at du ser på sånt:p
Hva om oversetteren gjorde det med vilje så majoriteten av titterne, som ikke vet hvem baby huey er, skulle fatte pointet;)

Innlegget blei sist redigert 29.06.2005, 00:11 av Pocket

Pocket
25 år

29.06.2005, 00:11

Pocket skreiv:

Steg for stegt er så ekstremt dårlig, kan ikke fatte at du ser på sånt:-P
Hva om oversetteren gjorde det med vilje så majoriteten av titterne, som ikke vet hvem baby huey er, skulle fatte pointet;-)

Tviler på det, for isåfall hadde det gått an å velja ein langt betre unge enn Ole Duck, som ikkje deler eit einaste personlegheitstrekk med Baby Huey bortsett frå nebbet. :-)

Og eg SER aldri på Steg for steg, det er eitt av mange program som tilfeldigvis står på i bakgrunnen fordi det ikkje går noko anna bra på TV i den tidslomma og fordi det er rett etter Smallville. :-)

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Skriver flytande fjøslatin

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

29.06.2005, 03:31

Ja, er einig, dårleg oversetjing, men det **kan** faktisk vere at han/ho har følt at namnet, nebbet og statusen som born er nok til å oversette med Dole... Ein skulle ikkje tru det, men eg har sett nok dårleg teksting til at eg ikkje klarar avskrive mogelegheita heilt.

Pocket skreiv:

Steg for stegt er så ekstremt dårlig

Det er det verkeleg, men eg må tilstå at eg elskar karakteren Cody og difor faktisk lar det stå på i bakgrunnen så eg kan sjå opp og følgje med på scenar der eg høyrer stemma hans.

"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria

Loke Aesir
23 år, Vik

30.06.2005, 01:55

Loke Aesir skreiv:

men eg må tilstå at eg elskar karakteren Cody og difor faktisk lar det stå på i bakgrunnen så eg kan sjå opp og følgje med på scenar der eg høyrer stemma hans.

*grøss*

Pocket
25 år

30.06.2005, 02:01

Loke Aesir skreiv:

Ja, er einig, dårleg oversetjing, men det **kan** faktisk vere at han/ho har følt at namnet, nebbet og statusen som born er nok til å oversette med [O]le...

Eg trur at det er meir sannsynleg at ein stolt oversetjar har tenkt "Aha, han seier Huey, det veit eg kva betyr!".

Det er det verkeleg, men eg må tilstå at eg elskar karakteren Cody og difor faktisk lar det stå på i bakgrunnen så eg kan sjå opp og følgje med på scenar der eg høyrer stemma hans.

OT: I dag byrja eg faktisk å småspekulere på om det er slik at alle karakterane i den serien har kvar sin manusforfattar, eller om det er slik at manusforfattaren berre har tenkt "hm, kva om eg gjer heile familien dønn kjedelig sånn at serien blir skikkeleg dårleg, og så kan eg heller bruke alle mine gode krefter til å utvikle DENNE EINE FIGUREN?". For det er heilt utruleg å tru at alt det der er skrive av same person.

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Skriver flytande fjøslatin

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

30.06.2005, 02:02

Olaf Solstrand skreiv:

Og disse dypsindige refleksjonene er altså skrevet av en person som hevder at han "bare har Steg på Steg tilfeldigvis stående på i bakgrunnen". De er avslørt, herr Solstrand! :-)

Barks | Scarpa | Gottfredson | Murry | Cavazzano
torgnyland.blogspot.com

Innlegget blei sist redigert 30.06.2005, 02:11 av Karamell

Karamell
40 år, Oslo

30.06.2005, 02:10

Klara Karamell skreiv:

Olaf Solstrand skreiv:

OT: I dag byrja eg faktisk å småspekulere på om det er slik at alle karakterane i den serien har kvar sin manusforfattar, eller om det er slik at manusforfattaren berre har tenkt "hm, kva om eg gjer heile familien dønn kjedelig sånn at serien blir skikkeleg dårleg, og så kan eg heller bruke alle mine gode krefter til å utvikle DENNE EINE FIGUREN?". For det er heilt utruleg å tru at alt det der er skrive av same person.

Og disse dypsindige refleksjonene er altså skrevet av en person som hevder at han "bare har Steg på Steg tilfeldigvis stående på i bakgrunnen". De er avslørt, herr Solstrand! :-)

Ikkje egentleg - for å kunne ta ein seriøs avgjerdsle om ein series kvalitet burde ein sjå ein to-tre episodar minst, av ein komiserie som dette gjerne fleire fordi kvaliteten har ein tendens til å gå i berg- og dalbaner. Og ettersom han jo tydeleg gav uttrykk for å ikkje like serien må han jo på eit tidspunkt ha gitt den ein sjanse - som eg òg har gjort. For åtte-ni år sidan, rett nok - TvNorge viste vel reprisar den gongen òg - men eg **har** gitt den ein sjanse.

Og ettersom Olaf antakeleg òg har gjort det er det ingenting i vegen for at han skal kunne reflektere såpass over serien.

"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria

Loke Aesir
23 år, Vik

30.06.2005, 02:22

Prøv å ta "berre såvidt ståande på i bakgrunnen" og gange det med kor mange gonger TVNorge har vist serien i reprise, så får du strengt talt at eg har sett det på kinolerret med surround. :-)

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Skriver flytande fjøslatin

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

30.06.2005, 02:23

Olaf Solstrand skreiv:

Prøv å ta "berre såvidt ståande på i bakgrunnen" og gange det med kor mange gonger TVNorge har vist serien i reprise, så får du strengt talt at eg har sett det på kinolerret med surround. :-)

He he, kakle, skratt! :-)

Barks | Scarpa | Gottfredson | Murry | Cavazzano
torgnyland.blogspot.com

Karamell
40 år, Oslo

30.06.2005, 02:26

Hehe, òg eit relevant poeng.

Seriøst, er det berre meg, eller kan TvNorges programutvalg deles opp i fire kategoriar?
- Nyhende/Vèr (som alle andre kanalar har)
- Reality (a.k.a. "skvip")
- Reprisar på diverse amerikanske komiseriar der ein søtti-åtti prosent har vore vist i reprise minst fem gonger før og har vitsar som verka out-of-place sjølv på åttitalet når dei blei skrevne.
- Smallville, Lost og (for litt sidan) Buffy (Whee, kvalitet, gitt. Og så heile TRE program, då.)

Ok, så har dei antakeleg ein to-tre andre seriar av kvalitet som eg ikkje har sett. Men **likevel.**

(What is this "topic" of which you speak?)

"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria

Innlegget blei sist redigert 30.06.2005, 02:30 av Loke Aesir

Loke Aesir
23 år, Vik

30.06.2005, 02:29

Du gløymte eit par.

5. Kategorien "send inn tekstmeldingar heile natta og bruk masse pengar på å prate om absolutt ingenting med ein blid homofil" (Mess-TV)

6. Kategorien "dersom du veit om ein teikneseriefigur på ti bokstavar med nebb som først opptrådte i ein film om ei klok høne i 1934 og har ein rik onkel som heiter Skrue og som er ei and og som har D som første bokstav i fornamnet og etternamnet og D som siste bokstav i fornamnet og dei andre bokstavane er NALCOKU og han har tre nevøar som heiter Ole og Dole og Doffen og heiter forsåvidt det same som ein kjent amerikansk forretningsmann med rar hårsveis, kan du bruke masse pengar på å ringe inn på dette nummeret, og dersom du vinner får du ein 1/500 sjanse til å vinne mykje pengar" (Slå på tråden).

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Skriver flytande fjøslatin

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

30.06.2005, 02:37

Men det går inn under "Reality", berre med endå mindre intelligente deltakarar enn kva som er vanleg i slike program.

"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria

Loke Aesir
23 år, Vik

30.06.2005, 02:40

For så vidt interessant diskusjon. Men det var dette magiske ordet "topic", da?

Barks | Scarpa | Gottfredson | Murry | Cavazzano
torgnyland.blogspot.com

Karamell
40 år, Oslo

30.06.2005, 02:41

Klara Karamell skreiv:

For så vidt interessant diskusjon. Men det var dette magiske ordet "topic", da?

Jepp. Men i denne tråden er "topic" = "opplevingar av dårleg oversetjing som kan knytast til Donald, Disney eller Andeby på ein overbevisande måte".

Må ærleg innrømme at eg trur On Topic her er ganske så dødt.

Men dens yngre og mindre stabile bror Off lever i beste velgående. Som denne posten er eit tydeleg prov på. :D

"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria

Loke Aesir
23 år, Vik

30.06.2005, 02:58

Så da er dette den ofisielle off-topic tråden man kan hente fram hver gang man skal diskutere noe off-topic?

Spiser forøvrig mugne corn flakes i sur melk enn å se på TvNorge.

Pocket
25 år

30.06.2005, 03:01

Pocket skreiv:

Så da er dette den ofisielle off-topic tråden man kan hente fram hver gang man skal diskutere noe off-topic?

Det må du nesten spørje Olaf om. Men for trådens kvalitets del burde ein kanskje ikkje dytte inn meiningslaus informasjon på vilkår, og heller berre fortsette samtalen i ein naturleg retning - alt off topic-snakket så langt har vore direkte avsporing frå topic, og ikkje tilfeldig spam.

"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria

Loke Aesir
23 år, Vik

30.06.2005, 13:22

Pocket skreiv:

Steg for stegt er så ekstremt dårlig, kan ikke fatte at du ser på sånt:-P

Jeg liker Step by Step, og jeg registrerer at du har omtrent samme holdning til den serien som jeg har til de fleste italienske Disney-serier.
Kanskje er det nettopp at vi har forskjellige meninger som er stryrken til dette
forum... :-)

Geir J. Netland
http://skurkestreker.com

NetlAnd
36 år, Sokndal

30.06.2005, 16:23

Fatter ikke at det i det hele tatt er leget så dårlige programmer!

David H
14 år, Østre Toten

30.06.2005, 18:26

De gløymde begge ein siste kategori, Loke og Olaf:
- Kategorien "Film", eller to halve filmar, ein før nyhendene og veret og ein etter.

«Å, Donald! Nå kan ingenting få meg i dårlig humør.»
Dolly Duck.

Sølve
19 år, Ullensvang

01.07.2005, 13:37

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Side 1, 2

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.