
Andeby Online > Diskusjonsforum > Skuddårsdag i Andeby?
Gå tilbake til forumoversikta ...

I dag (29.02) er det som kjent skuddårsdag. Tradisjonen sier at da kan damene fri. Vet du Olaf om det finnes noen historie der f.eks Dolly prøver å fri til Donald på skuddårsdagen?
Hvis ikke så kan vel kanskje du lage en slik historie til neste skuddårsdag i 2008?
Sigvald
Sigvald Grøsfjeld jr.
29.02.2004, 19:43


Er du sikker på at dette er tradisjon i Andeby og?
Dessutan er det vel strengt talt tradisjon i dag at kvinner kan fri nøyaktig når på året dei vil?
Kan ikkje hugse å ha sett nokre skuddårshistorier nei. Og eg kjem nok ikkje til å lage noko slikt heller. Det er ikkje min stil. Eg foretrekker å lage historier med litt spenning, merkelege dippeduttar, gjerne ein klar "fiende"... Sjølvsagt gjer eg unntak av og til, men når du har lest litt fleire av historiene mine vil du kanskje skjøne at dette ikkje heilt er min stil. Eg har så langt skrive ei historie der B-gjengen brukar ei Petter Smart-maskin for å kome inn i pengebinga ved hjelp av kroppen til Donald, ei historie der Donald ved hjelp av ei Petter Smart-maskin får eit innblikk i framtida og må leike superhelt, ei historie der Skrue blir ung igjen og må prøve å ta vare på finansimperiet sitt som femti år yngre, ei historie om kampen mellom svart magi representert ved Magica og konsentrert kunnskap representert ved hakkespettboka... og no jobbar eg med ei historie om ein ekspedisjon for å finne verdas mest storslåtte vikingskip, i konkurranse med ein av dei sleipaste skurkane som nokon gong har vore i Donald-bladet.
Ei Dolly-historie om romantikk og frieri får eg ikkje til å passe inn i mønsteret, sjølv om eg sikkert kunne ha likt å lese ei slik historie. Forresten, dette måtte nok ha vore ei Dolly-historie, og Dolly-historier er stort sett korte historier... eg lagar ikkje så korte historier.
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
29.02.2004, 22:08


Når kommer den neste historien din på trykk? Hvem er den sleipe skurken du skal ha med i den historien du holder på med? Det er vel ikke selveste Stein Blåøy fra "Gullhjelmen"?
Sleipe-Simon Den eldste banditten i Klondyke
29.02.2004, 22:53


"Når kommer den neste historien din på trykk?"
Tja, kven veit. Sist eg høyrde eit rykte, var det snakk om mai, men no byrjar eg å tvile ettersom eg ikkje har høyrd meir om det.
"Hvem er den sleipe skurken du skal ha med i den historien du holder på med?"
Ikkje spør. Det er betre å finne ut sånt når du leser historia - særleg i eit tilfelle som dette, der han kjem inn langt ute i historia.
Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø
29.02.2004, 23:46


ble veldig nysgjerrig på hvem den skurken kunne være........=)Gleder meg til din neste historie, Olaf!
Filch, do something constructive! Find Peeves!
Andungen
19 år
01.03.2004, 20:34

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.

