
Andeby Online > Diskusjonsforum > Ny og forbetra nettbutikk på Andeby Online
Gå tilbake til forumoversikta ...

Eg veit ikkje kor mange som hugsar det, men i februar 2004 eksperimenterte Andeby Online med å lage ein nettbutikk der folk kunne kjøpe ein del Disney-bøker. Denne blei rettnok stengt etter kort tid av tekniske og tidsmessige årsakar. For nokre månader sidan byrja arbeidet med å gjenopprette denne, men i denne perioden har det ikkje vore særleg godt utval i denne "butikken" - to bøker, faktisk.
No er endelig ein skikkeleg nettbutikk med eit litt betre utval (og eit langt betre design enn 2004-utgåva) tilbake. Systemet er det same som før: handelen foregår ikkje på Andeby Online, men vi tilbyr linker til nettbutikkar som har dei aktuelle bøkene. I ein del av tilfella får vi òg provisjon for dette, så handlar du i nettbutikken gir du samtidig ein støttande slant til Andeby Online utan å betale ekstra for det. Merk at hjå ein del nettbutikkar må du registrere deg for å handle.
Men ettersom Andeby Online skal vera eit tilbod til deg som brukar der det ikkje er økonomien som står i fokus, er ein ting nytt: vi har no linkar òg til ting vi ikkje får provisjon for. Vår faste samarbeidspartner er mao.no, men det er ein del bøker som ikkje finst der (sjå t.d. på Hall of Fame). Difor vil vi no, både for å vere greie med deg som brukar og med norske teikneseriebutikkar, leggja inn lenker til stader der det går an å få kjøpt ting dei ikkje har på mao (sannsynlegvis vil dei fleste av desse linkane føre til Tronsmo).
Butikken har fleire kategoriar enn før - mellom anna har vi no ein del Disney-filmar inne. Utvalet av kva som finst i butikken kjem nok til å auke ein del dei næraste dagane, og vi kjem òg ganske snart til å leggja ut ting her som IKKJE finst i andre nettbutikkar - mellom anna har eg fått ein avtale med vår alles kjære Sigvald som gjer at det ganske snart vil bli mogleg å kjøpe Don Rosa-indekset herfrå.
(men klokka er fire på natta no, og å leite fram produkter tar litt tid (eg har allereie brukt nokre timer på det), så fleire produkt vil ikkje bli lagt ut i nettbutikken før redaksjonen har fått seg litt søvn.)
Håper at dette tilbodet vil vera til nytte for deg som brukar av Andeby Online.
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø
15.04.2005, 04:18


Lita driftsoppdatering: Oppdaga i natt (1. mai) at Mao har endra oppsettet på sidene sine totalt utan at vi var klare over det. Det har medført at alle linker til Mao i nettbutikken ikkje har verka på ei stund - den feilen er no fiksa.
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø
01.05.2005, 13:29


Olaf Solstrand skreiv:
Lita driftsoppdatering: Oppdaga i natt (1. mai) at Mao har endra oppsettet på sidene sine totalt utan at vi var klare over det...
Og bidrar ved det til å støtte opp om mitt allerede skeptiske syn på dem.
Amerikansk Don Rosa Index (1987-2007) til salgs:
http://duckman.pettho.com/usindex.html
Gode råd om norsk rettskriving:
LES HER
Sigvald Grøsfjeld jr.
http://duckman.pettho.com/
Sigvald
41 år, Stavanger
01.05.2005, 16:41


Min erfaring med Mao, var ikke annet en possitiv. Varen ble raskt levert, og ( som også andre psotordre firmaer oppererer med), bestiller du mer enn én vare, blir man ikke belastet med mer enn et fast porto/ekspedisjonsgebyr.
Fergus
25 år, Grimstad
01.05.2005, 17:18


Sigvald skreiv:
Og bidrar ved det til å støtte opp om mitt allerede skeptiske syn på dem.
Uhm ... ditt allereie skeptiske syn på mao er vel basert på at dei tar den prisen for bøker som dei er pålagt å ta? Kva er så skeptisk med det?
Og den endringa som er gjort, synest eg faktisk at er kjempestilig og utruleg praktisk Eg burde ha lagt merke til det tidlegare (eller kanskje ikkje, kan hende at eg rakk denne endringa berre eit par sekund etter at det blei endra for alt det eg veit), men det er då mi skuld og ikkje MAOs.
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø
01.05.2005, 20:14


Olaf Solstrand skreiv:
Uhm ... ditt allereie skeptiske syn på mao er vel basert på at dei tar den prisen for bøker som dei er pålagt å ta? Kva er så skeptisk med det?
Ikke glem selve navnet MAO, kan like gjerne være det som gir Sigvald problemer 
Nesten helt B O R T E herfra, Livet er for kort til å fylle det med andre sin syting .........
Hvorfor kan du lese her , eller her. En klassiker til glede for nye lesere.
Slike "eksperter" synes ofte å ha en overdrevet tro på egen smak og egen innsikt ©
Innlegget blei sist redigert 01.05.2005, 20:37 av Olaf Moriarty Solstrand
MikroMidas
45 år, Trondheim
01.05.2005, 20:36


MikroMidas skreiv:
Olaf Solstrand skreiv:
Uhm ... ditt allereie skeptiske syn på mao er vel basert på at dei tar den prisen for bøker som dei er pålagt å ta? Kva er så skeptisk med det?
Ikke glem selve navnet MAO, kan like gjerne være det som gir Sigvald problemer :)
Det gjør i hvert fall ikke saken bedre. Det er jo nesten som om noen skulle kalt en bedrift for Stalin eller Hitler. En parallell er de uapetitlige Sopps pastaproduktene. Jeg liker ikke sopp så jeg holder meg konsekvent til pasta med seriøse italiensk klingende navn. I Andeby er det forresten mange både logiske og smarte bedriftsnavn.
Amerikansk Don Rosa Index (1987-2007) til salgs:
http://duckman.pettho.com/usindex.html
Gode råd om norsk rettskriving:
LES HER
Sigvald Grøsfjeld jr.
http://duckman.pettho.com/
Sigvald
41 år, Stavanger
02.05.2005, 22:32


mao, eller m.a.o., er på norsk ei forkorting som står for "med andre ord". mao har dessutan vald å spele på det kommunistiske i slagordet sitt: "med andre ord - bøker til folket". Eg synest at det er artig.
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø
02.05.2005, 22:48


Sigvald skreiv:
Det gjør i hvert fall ikke saken bedre. Det er jo nesten som om noen skulle kalt en bedrift for Stalin eller Hitler. En parallell er de uapetitlige Sopps pastaproduktene. Jeg liker ikke sopp så jeg holder meg konsekvent til pasta med seriøse italiensk klingende navn. I Andeby er det forresten mange både logiske og smarte bedriftsnavn.
Det gjør meg vondt at du Sigvald håner en slik pioner som hedmarkingen dr. Olav Johan Sopp bare fordi han har et etternavn som er det samme som en produktgruppe du tilfeldigvis ikke liker. Dr. Olav Johan Sopp var en ernæringsekspert som brant for de næringsmessige fordelene ved å spise og drikke kornmat. Det sammenlignet med Sopps nesten 100 år lange erfaring på import av pasta og makaroni gjør at jeg regner Sopps som en av de beste bedriftene å handle pasta fra. Sopps blir eiet av en av norges største næringsmiddelkonsern, Rieber & Søn (TORO, Black boy, Denja, King Oscar), så dette er nok en trygg og god pasta som garrantert er fri for sopp
Kilde: www.sopps.no
Hørte jeg noen si "Kvakk!"???
Jørn McDuck
24 år, Trondheim
02.05.2005, 23:11

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.

