Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Jubileumsnummeret

Andeby Online > Diskusjonsforum > Jubileumsnummeret

Gå tilbake til forumoversikta ...

På den danske sida http://disneybasen.dk står det eit par-tre linjer om jubileumsnummeret som for abonnentar kjem denne veka. Det står at det vil vere på 68 sider. Eg tykkjer dette er litt rart, når alle tidligare ekstravagante nummer (Carl Barks, Walt Disney, 50-års-nummeret) har vore på 100 sider. Kan nokon bekrefte påstanden om 68 sider? Er det eventuelt snakk om ei permanent utviding av bladet, altså at det frå neste veke har 68 sider kvar veke? Eg syntes iallefall dette var pussig. Skulle også gjerne visst meir om 70-års-nummeret. Det einaste eg eigentleg veit er at det inneheld "Til månen i rakett", Barks-historia der Donald finn opp Donalditt, og at det føljer med ein DVD, som eg igrunn er ganske spent på...

Og ja, i Danmark har dei hatt ein historiekonkurranse der vinnarhistoria vert teikna av Vicar og trykt. Det står i forumet på ovennemnte side at den vil bli trykt i nr.24, i Danmark, då, iallefall. Hadde ikkje Noreg noko tilsvarande. Eg meinar å hugse at Dagbladet hadde ein manuskonkurranse? Er denne historia blitt teikna, og klargjort for trykk?

«Information is not knowledge. Knowledge is not wisdom. Wisdom is not truth. Truth is not beauty. Beauty is not love. Love is not music. Music is THE BEST...»

-Frank Zappa - 1940-1993. Eit stort tap.

Jørn Inge Frostad
18 år, Vestnes

30.05.2004, 14:28

Jørn Inge Frostad skreiv:

På den danske sida http://disneybasen.dk står det eit par-tre linjer om jubileumsnummeret som for abonnentar kjem denne veka. Det står at det vil vere på 68 sider. Eg tykkjer dette er litt rart, når alle tidligare ekstravagante nummer (Carl Barks, Walt Disney, 50-års-nummeret) har vore på 100 sider. Kan nokon bekrefte påstanden om 68 sider?

Jepp.

Er det eventuelt snakk om ei permanent utviding av bladet, altså at det frå neste veke har 68 sider kvar veke?

Tvilsamt. Trur at grunnen til at dette bladet har 68 sider, er at midtsidene er ein diger illustrasjon som det går an å nappe ut som ein plakat.

Eg syntes iallefall dette var pussig. Skulle også gjerne visst meir om 70-års-nummeret. Det einaste eg eigentleg veit er at det inneheld "Til månen i rakett", Barks-historia der Donald finn opp Donalditt, og at det føljer med ein DVD, som eg igrunn er ganske spent på...

DVD-en er knallbra, og inneheld "Donald's ostrich" og ein film frå 1938 (?) der Donald og nevøane er på golfbanen. Jubileumshistoria i år er av Hedman og Vicar. Gatepatruljen svarar på kva dei vil gi Donald i bursdagsgåve. Ein artikkel gratulerar Donald med sekstienogethalvtårsdagen (fordi "vår" Donald blei fødd då Barks laga sin første tisider). Donald-hyllesten er av Vicar. Ein artikkel visar oversikt over gåver Donald har fått oppgjennom tida, og det er ei side om teiknefilmar. I tillegg til dei seriane vi allereie har nemnt og fortsetjinga på førre vekes fortsetjingshistorie, får vi tre korte nederlandske, den franske einsidaren og ein tolvsidar av Halas/Prinz-Påhlson/Vicar-tolvsidar første gong utgitt i 1992. Mi gjetning er at den siste er den som blir bytta ut med spesialhistorie i Danmark.

Hadde ikkje Noreg noko tilsvarande. Eg meinar å hugse at Dagbladet hadde ein manuskonkurranse? Er denne historia blitt teikna, og klargjort for trykk?

Dersom denne historia er teikna enno, skal eg spise hatten min.

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

30.05.2004, 15:19

Tvilsamt. Trur at grunnen til at dette bladet har 68 sider, er at midtsidene er ein diger illustrasjon som det går an å nappe ut som ein plakat.

Hmm... kvifor ikkje lage ein skikkelig plakat og legge ved, mon tru? Irriterar meg over desse midtside-plakatane. Hvis dei då ikkje har gjort eit raid og rett og slett lagt ein plakat i tjukt papir i midten av bladet, som dei ekstra fire sidene, da.. Gjetninga mi blir at denne illustrasjonen blir i akkurat same tynne papirkvalitet som resten av bladet. Ei flott bursdagsgåve hadde vore å fått heile Donald-bladet i tjukt papir frå no og utover, men dette er vel slikt ein berre kan drøyme om..

«Information is not knowledge. Knowledge is not wisdom. Wisdom is not truth. Truth is not beauty. Beauty is not love. Love is not music. Music is THE BEST...»

-Frank Zappa - 1940-1993. Eit stort tap.

Jørn Inge Frostad
18 år, Vestnes

30.05.2004, 15:33

Hm jah ok... hvorfor har vi to slike tråder?... *Glede seg uansett*

-"What your eyes see and ears hear, the mind believes. But eyes and ears alike can be decieved, only the mind can know true reality".

AlphonseCapone
24 år, Rana

30.05.2004, 18:02

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.