
Andeby Online > Diskusjonsforum > Verdens tredje rikaste
Gå tilbake til forumoversikta ...

Som ein kan sjå på forsida av Andeby Online, har Forbes kome med ei ny liste over verdas 15 rikaste fiktive personar. Og kvart år det skjer oppstår det ein diskusjon kor ein del donaldistar føler at det er useriøst å setja opp ei slik liste der Skrue ikkje står på topp, og at Gråstein ikkje eingong er nevnt. Eg pleier å stille meg som ein motstandar til den påstanden, eg synest det er strålande at han står der i det heile tatt, og føler at eg bør begrunne kvifor.
For det første: Denne lista er meint som eit festlig avbrekk for forretningsfolk. Den er ikkje meint å takast seriøst i det heile tatt.
For det andre: Det er openbart eit krav for å kome på denne lista at ein er nokonlunde kjent for eit amerikansk publikum. Dersom eg skriver ei historie som heiter «Dei femten rikaste personane i verda, som til og med er rikare enn Skrue McDuck» og får denne utgitt, vil då dei personane automatisk overta heile lista? Sjølvsagt ikkje. Då hadde heile lista blitt vanvittig obskur, og ingen amerikanarar hadde hatt glede av den i det heile tatt.
Det er grunnen til at ein bør glede seg over at Skrue har hamna på denne lista i det heile tatt. Han er kjent nok til å kome på ei slik liste, og rik nok til å kome så høgt som han gjer.
Av same grunn er det vanvittig få bifigurar med på lista -- til dømes står Richie Rich på lista, og det vil forbause meg kraftig om Richard Rich sr. ikkje er ein god del rikare enn han -- det hadde blitt ei for sær liste om ein hadde hatt med alt for mange figurar frå kvart univers. Det er sannsynlegvis grunnen til at Gulbrand Gråstein ikkje er med. Uansett er Gråstein ein svært obskur figur i Statane. I perioden då Disney-teikneseriar hadde si storheitstid i USA var Gråstein totalt med i *tre* historier.
Og til dei som måtte føle at figurane på denne lista er ukjente, latterlege eller uvesentlege:
--- Oliver Warbucks er kjent frå avisteikneserien //Little// //Orphan// //Annie,// som har gått i amerikanske aviser sidan 1925. Serien har òg inspirert ein Broadway-musikal som eg trur dei fleste har om ikkje sett, hatt sangar på hjernen frå.
--- C. Montgomery Burns er kjent frå //The// //Simpsons,// ein av dei beste seriane som nokon gong har gått på TV.
--- Richie Rich er tittelfigur i ein i USA ganske så kjent Harvey-teikneserie. Ifølgje Toonopedia er han den mest populære Harvey-figuren, og han er det òg laga film om.
--- Jed Clampett kjem frå The Beverly Hillbillies, ein amerikansk sitcom frå 1960-talet. Eg meinar å ha lest at serien blei vurdert som for dårleg for NRK på det tidspunktet, men den har seinare gått på TVNorge.
--- Mr. Monopoly er frontfiguren for spelet Monopol. Ærleg talt, kven har ikkje spelt monopol?
--- Bruce Wayne er Batman.
--- Tony Stark er Marvel-helten Iron Man.
--- Prins Abakaliki av Nigeria sender ut massevis av spam, og bør vera kjent for dei fleste som har ein e-postkonto.
--- Thurston J. Howell III er kjent frå TV-serien //Gilligan's// //Island.// Kanskje ikkje så kjent her i landet, men SVÆRT i USA.
--- Willy Wonka er sjokoladefabrikanten frå Roald Dahls bok //Charlie// //og// //sjokoladefabrikken// samt oppfølgjarboka //Charlie// //og// //den// //store// //glassheisen.// Førstnevnte bok er filmatisert to gonger, og boka bør heller ikkje vera ukjent.
--- Lucius Malfang kjem frå J.K. Rowlings suksessrike septologi om //Harry// //Potter,// som har gått som ein farsott verda over i årevis og som dei fleste bør ha høyrd om.
--- Gangsteren Tony Montana blei spelt av Al Pacino i 1983-filmen //Scarface.//
--- Lara Croft er hovudpersonen i den populære dataspelserien //Tomb// //Raider,// som òg er filmatisert med Angelina Jolie i hovudrolla.
--- Mario har deltatt i ei rekke Nintendo-spel og er sannsynlegvis den mest kjente figuren i videospelhistoria -- han er den offisielle maskoten til Nintendo og medverker i ei rekke kjente og kjære dataspel.
At det går an å påstå at alle desse er fullstendig ukjente for nordmenn, fattar eg ikkje, og eg tviler på at det er heilt sant. Personleg har eg aldri lest Little Orphan Annie eller Iron Man eller sett Scarface, men bortsett frå det gjenkjente eg umiddelbart alle namna.
(denne tråden er i hovudsak eit svar til kommentarane på http://www.andebyonline.com/index.php?area=art&id=601&komma=vis#komma )
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø
24.11.2006, 21:38


Synest ikkje Tony Montana passer så godt inn på den lista, sidan han strengt talt ikkje var veldig rik veldig lenge.
«Å, Donald! Nå kan ingenting få meg i dårlig humør.»
Dolly Duck.
Sølve
18 år, Ullensvang
24.11.2006, 21:54


Jeg gjentar fra i fjor at jeg savner Citizen Kane og Tommy Vercetti.
«Ha, ha! De tror jeg er sprø, men jeg er bare den usynlige mannen.»
Vegar
18 år, Trondheim
24.11.2006, 22:16


Charles Foster Kane stod på lista frå 2002 til 2004.
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø
24.11.2006, 22:44


Tredje plass er da uansett bra av en fyr som har vært død i snart førti år. Siden Skrue står på listen istedet for arvingene må vel det bety at arveoppgjøret pågår ennå ???
Nesten helt B O R T E herfra, Livet er for kort til å fylle det med andre sin syting .........
Hvorfor kan du lese her , eller her. En klassiker til glede for nye lesere.
Slike "eksperter" synes ofte å ha en overdrevet tro på egen smak og egen innsikt ©
MikroMidas
45 år, Trondheim
25.11.2006, 01:02


Olaf Moriarty Solstrand skreiv:
--- Oliver Warbucks er kjent frå avisteikneserien //Little// //Orphan// //Annie,// som har gått i amerikanske aviser sidan 1925. Serien har òg inspirert ein Broadway-musikal som eg trur dei fleste har om ikkje sett, hatt sangar på hjernen frå.
You bet, både sett og hatt sanger på hjernen. Nevner bare "Tomorrow"
--- Jed Clampett kjem frå The Beverly Hillbillies, ein amerikansk sitcom frå 1960-talet. Eg meinar å ha lest at serien blei vurdert som for dårleg for NRK på det tidspunktet, men den har seinare gått på TVNorge.
Ble en spillefilm av den også i 1993. Mer om den her: http://imdb.com/title/tt0106400/
Ganske fornøyelig.
At det går an å påstå at alle desse er fullstendig ukjente for nordmenn, fattar eg ikkje, og eg tviler på at det er heilt sant. Personleg har eg aldri lest Little Orphan Annie eller Iron Man eller sett Scarface, men bortsett frå det gjenkjente eg umiddelbart alle namna.
Og kjenner man ikke andre enn Onkels Skrue på denne listen, vil jeg påstå at det er på tide å løfte hodet fra Disney's serier og våkne opp. Det er ikke bare DD som teller her i verden
Innlegget blei sist redigert 25.11.2006, 01:40 av Bernie
Bernie
35 år, Bergen
25.11.2006, 01:39


Hm ... ser eg rett om eg teller slik at fem av namna på lista (Skrue inkludert) er opphavlege teikneseriefigurar, og at tre andre medvirker i ting som seinare har skapt teikneseriar som eit spinoffprodukt? Eller er det nokre eg gløymer?
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø
25.11.2006, 01:47


Bernie skreiv:
Og kjenner man ikke andre enn Onkels Skrue på denne listen, vil jeg påstå at det er på tide å løfte hodet fra Disney's serier og våkne opp. Det er ikke bare DD som teller her i verden
Om Forbes ikke kjenner til Skrues virkerlige formue, eller andre rikinger som Gullbrand Gråstein så er det på tide for dem å løfte hodet fra sing innsnevrede amerikanske virkelighet og våkne opp. 
Amerikansk Don Rosa Index (1987-2007) til salgs:
http://duckman.pettho.com/usindex.html
Gode råd om norsk rettskriving:
LES HER
Sigvald Grøsfjeld jr.
http://duckman.pettho.com/
Innlegget blei sist redigert 25.11.2006, 14:54 av Sigvald
Sigvald
41 år, Stavanger
25.11.2006, 14:53


Jeg er ganske sikker på at nok finnes et eller annet Tadsjikistansk folkeeventyr som handler om han som var verdens rikeste mann. Så hvorfor topper ikke han lista? Tegneseriene om Onkel Skrue & Co. blir bare lest av en bitteliten gruppe mennesker i USA, og vi kan ikke forvente at amerikanernes liste over rike fiktive personer blir den samme som den ville vært her i Norge. At Onkel Skrue ligger så høyt oppe som tredjeplass synes jeg egentlig er smått utrolig, og noe vi absolutt kan være stolte av.
www.kelpie.no/tommy - Bloggen min!
Tommy
24 år, Odda
25.11.2006, 15:01


Gratulerer til Onkel Skrue som i år har hatt et godt år, og nå topper Forbes liste over verdens rikeste fiktive figurer. Mange vil sikkert si det er på høy tid at det skjer, men nå har også Forbes innsett at Skrue tross alt er verdens rikeste!
Gratulerer! http://www.forbes.com/books/2007/12/10/forbes-fictional-rich-oped-books-cx_fict1507_sort.html
www.kelpie.no/tommy - Bloggen min!
Tommy
24 år, Odda
21.12.2007, 20:02


Men hvor får de dog de 28 milliarder $ fra (28 amerikanske billioner er 28 milliarder)
Hvor mange penge siger de norske blade at Skrue har? I Danmark plejer det at være noget med 23 fantassilioner osv. - det er da noget mere end 28 milliarder. Når de nu skriver fiktion, så tag dog de data fra fiktionen.
Gad vide om også de andre beløb er opdigtede? Står det i noget Batman-blad at Wayne skulle være god for 7 milliarder $? Selvom det er fiktion kan man godt have kilde på...
Remember: It all started with a mouse
AC
28 år, Danmark
22.12.2007, 16:47


AC skreiv:
Men hvor får de dog de 28 milliarder $ fra (28 amerikanske billioner er 28 milliarder)
Hvor mange penge siger de norske blade at Skrue har? I Danmark plejer det at være noget med 23 fantassilioner osv. - det er da noget mere end 28 milliarder. Når de nu skriver fiktion, så tag dog de data fra fiktionen.
Gad vide om også de andre beløb er opdigtede? Står det i noget Batman-blad at Wayne skulle være god for 7 milliarder $? Selvom det er fiktion kan man godt have kilde på...
Kilden for Skrues formue er kun tegnefilmene han har vært med i. Dvs Xmas Carol og DuckTales. Dette er beskrevet i artikkelen.
22.12.2007, 19:32


Diff skreiv:
Kilden for Skrues formue er kun tegnefilmene han har vært med i. Dvs Xmas Carol og DuckTales. Dette er beskrevet i artikkelen.
Hvilket beviser at folkene i Forbes er rimelig useriøse. Skrue er faktisk primært en tegneseriefigur. De må være mer enn normalt virkelighetsfjerne dersom de ikke regner tegneserier som fiction. Her er forøvrig hele listen:
The Forbes Fictional 15
12.11.07, 3:00 PM ET
---------------------
1 Scrooge McDuck 28.8 (80) Duckburg, U.S.A. Mining, Treasure Hunting
2 Ming The Merciless 20.9 (74) Mingo City, Planet Mongo Technology
3 Richie Rich 16.1 (10) Richville, U.S.A. Inheritance, Conglomerates
4 Mom 15.7 (158) New New York, Earth Technology, Conglomerates
5 Jed Clampett 11.0 (51) Beverly Hills, CA Oil & Gas, Banking
6 C. Montgomery Burns 8.4 (104) Springfield, U.S.A. Energy
7 Carter Pewterschmidt 7.2 (70) Newport, R.I. Inheritance, Steel
8 Bruce Wayne 7.0 (32) Gotham City, U.S.A. Inheritance, Defense
9 Thurston Howell III 6.3 (60) Private Island, Pacific Ocean Howell Industries
10 Tony Stark 6.0 (35) New York, NY Defense
11 Fake Steve Jobs 5.7 (52) Palo Alto, CA Apple Computer, Pixar
12 Gomez Addams 2.0 (51) Westfield, N.J. Inheritance, Investing
13 Willy Wonka 1.9 (57) Kent, England Candy, Aerospace
14 Lucius Malfoy 1.6 (51) Wiltshire, England Inheritance
15 Princess Peach 1.3 (23) Mushroom Kingdom Inheritance
---------------------
Amerikansk Don Rosa Index (1987-2007) til salgs:
http://duckman.pettho.com/usindex.html
Gode råd om norsk rettskriving:
LES HER
Sigvald Grøsfjeld jr.
http://duckman.pettho.com/
Innlegget blei sist redigert 23.12.2007, 00:09 av Sigvald
Sigvald
41 år, Stavanger
23.12.2007, 00:07


Nå, det er tegnefilmene de bruger som kilde - påstår Skrue da i tegnefilmene at han ejer 28,8 millarder $ - jeg spekulerer som sagt på hvorvidt Bruce Wayne - og så i filmene eller tegnefilmene siges at eje 7 milliarder $?
Remember: It all started with a mouse
AC
28 år, Danmark
23.12.2007, 09:35


Kor mykje er eigentleg ein fantasillion, då? For alt det VI veit kan ein fantasillion godt vera langt mindre enn ein milliard.
Forbes ser vel på svingningane i marknaden i det verkelege liv og set opp listene sine basert på dette, slik at t.d. Skrue som har mykje gull vil stige på lista om gullprisen stiger og synke på lista dersom gullprisen synker. Jed Clampett har heile si formue i olje og vil difor ha ei høg plassering på lista dersom oljeprisen held seg høgt. Ein figur med heile si satsning i boligmarknaden vil tape stort på eit boligkrakk. Og så bortetter. Slik sett er det rart at Skrue klatrer opp på toppen av lista eit år som dollaren har sunke såpass mykje, med tanke på kor mykje han har kontant, men ...
Men dersom ein vil ha eit konkret tal på kor rik Skrue er: I «The Magic Hourglass» seier Skrue at dersom han held fram med å tape ein milliard dollar i minuttet, vil han vera blakk om 600 år. Det vil seie at i den historia hadde han cirka 315 billiarder dollar. Eg innbiller meg at det er det mest korrekte beløpet Barks nokon gong har gitt oss.
«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø
23.12.2007, 15:25

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.

