Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

Øl i Andeby

Andeby Online > Diskusjonsforum > Øl i Andeby

Gå tilbake til forumoversikta ...

Side 1, 2, 3

Det einaste som eksisterer i Andeby, er blekk og papir.

Og Andeby og universet omkring Andeby er ikkje det same universet som vårt. Det veit vi, fordi det er openbart ut frå handlinga at alt som skjer er fiksjon. Her blir det skildra handlingar som aldri har skjedd i vår verd med mindre denne handlinga er lagt til langt inn i framtida, t.d. veit vi at verdas rikaste mann aldri har heitt Skrue McDuck, og at Sambandsstatane aldri har hatt ein delstat som heiter Calisota. Konklusjon: Donald er ikkje ein dokumentar, og handlinga finn difor stad i eit univers som på minst nokre få områder skiljar seg frå vårt eiget - eller ein "alternativ røyndom", om de vil - ein kan snakke om at Shakespeare i "Hamlet" skildra ei alternativ røyndom der kongen av Danmark blei drept og den unge prinsen måtte ta nokre elementære val i livet sitt, eller at Moore i "Watchmen" skildra ei alternativ røyndom der Watergate aldri blei oppdaga og ein vigilanteklasse med "superheltar" blei danna for å beskytte verda. På same måte er det med Donald. Det er ikkje dokumentariske teikneseriar det er snakk om, difor må handlinga finne stad i eit alternativt univers.

Kor mykje i dette universet er likt og ulikt vårt eiget? Og det er her vi har eit val som deler oss på midten. Vi kan anten seie at "dette universet er tilnærma likt vårt eiget, med dei unntaka som kjem fram av serien" - eller vi kan seie at "vi veit ingenting om dette universet bortsett frå det vi har sansa.

Dersom vi antar at vi aldri har sett øl i Andeby eller Andebyuniverset (det har vi riktignok, men for å bruke det som eit eksempel), eksisterer då øl i Andeby? Dei som tar utgangspunkt i den første teorien eg nemner, vil seie "vi har aldri sett noko klart bevis i seriane på at øl ikkje eksisterer, så sjølvsagt har dei øl i Andebyuniverset!". Dei som tar utgangspunkt i den andre teorien, vil derimot meine at "Andeby består av dei historiene vi har lest, og i ingen av dei finst det øl, så vi veit ingenting om korvidt det eksisterer øl i Andeby eller ikkje fordi det aldri har blitt tatt stilling til det" - eller, om ein tar det eksistensielle grunnlaget, "det er aldri nokon som har skrive ei historie der vi får vite at øl eksisterer, difor eksisterer ikkje øl". Dersom eg skriver ein heil roman som finner stad i eitt og same rom, kan vi då seie at det eksisterer meir av verda enn det rommet og det som er i det? Skal ein leggja vårt eiget univers til grunn så ja, men det har vi faktisk ikkje eit einaste bevis for!

Det er mange måtar å sjå på dette på, og sjølv om ingen av oss har lyst til å godta det, må vi forstå at ingen av desse måtene er meir korrekt enn dei andre.

Men akkurat i dette tilfellet har vi jo sett fleire eksempel på at det eksisterer øl i Andeby. :-) Vi har forsåvidt òg sett fleire eksempel på at lufta i Andeby inneheld ein eller annan gjennomsiktig gass som endene trenger for å leve (det er til dømes tydeleg at endene ikkje klarer seg lenge under vatn, og vi har til og med sett at dei har med seg oksygentanker når dei skal dykke).

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Skriver flytande fjøslatin

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

09.09.2005, 12:47

Olaf Solstrand skreiv:

Det er mange måtar å sjå på dette på, og sjølv om ingen av oss har lyst til å godta det, må vi forstå at ingen av desse måtene er meir korrekt enn dei andre.

Det var det eg forsøkte å sei, men eg trur eg har vore litt vel trøytt, eg ser eg ikkje har vore klar og tydeleg akkurat.

Kva den gjennomsiktige gassen angår så er det jfr din eigen logikk over ingen som helst automatikk i å sei at den gassen er oksygen...Såframt det ikkje har stått "oksygen" på tankane?

"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria

Loke Aesir
23 år, Vik

09.09.2005, 14:02

Loke Aesir skreiv:

Men no er det faktisk slik at mange her har vist til historiar der øl dukkar opp i Andeby. Så då finst det faktisk der, så framt ikkje du forestiller deg eit anna Andeby enn det som blir vist gjennom bladene. Noko du så klart har lov til, men det har liten eller ingen innverknad på noko anna enn din private forståelse av byen.

Dette er eg heilt ueinig med deg i. Me har sett øl i Andeby i nokre få historier, men desse kan me enkelt sjå bort frå når me veit at det er vanleg at Andeby-borgarar drikk brus og saft når dei skal hyggja seg (og når dei er deprimerte). Historier har vist at onkel Skrue og Bestemor Duck er sysken, men det betyr ikkje at dei //er// det. Ikkje berre i min private forståelse av byen, men òg i det universet som vert vist gjennom blada. Me kan diskutera lenge rundt dette, om parallelle univers osb., men det er ikkje absolutt sanning at det finst øl i Andeby.

«Å, Donald! Nå kan ingenting få meg i dårlig humør.»
Dolly Duck.

Sølve
19 år, Ullensvang

09.09.2005, 14:51

Men i tilfellet Skrue-Bestemor så er det faktisk andre historiar som direkte motseier det. Det er derimot ingen historiar som motseier at det finst øl.

"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria

Loke Aesir
23 år, Vik

09.09.2005, 15:40

Kor direkte må det vera? Når ein praktisk talt aldri ser at det vert drukke øl i Andeby, og når endene vert berusa av å drikka brus, er det vel ganske tydeleg at i desse seriane finst det ikkje øl og andre drikkar med alkohol i Andeby.

«Å, Donald! Nå kan ingenting få meg i dårlig humør.»
Dolly Duck.

Innlegget blei sist redigert 09.09.2005, 15:48 av Sølve

Sølve
19 år, Ullensvang

09.09.2005, 15:47

Hvis dere synes diskusjonen begynner å skli ut kan dere få ny inspirasjon her: http://debatt.sol.no/show.fcgi?category=47&conference=4000000000000114&posting=20500000000854584

Innlegget blei sist redigert 09.09.2005, 17:17 av NikZer

NikZer
31 år, Oslo

09.09.2005, 17:16

Sølve skreiv:

Kor direkte må det vera? Når ein praktisk talt aldri ser at det vert drukke øl i Andeby, og når endene vert berusa av å drikka brus, er det vel ganske tydeleg at i desse seriane finst det ikkje øl og andre drikkar med alkohol i Andeby.

Merkeleg konklusjon. Eg ville då heller trekt den konklusjonen at det er alkohol i brusen.

"To never die and conquer all, that is winning."
- Illyria

Loke Aesir
23 år, Vik

09.09.2005, 17:36

Loke Aesir skreiv:

Sølve skreiv:

Kor direkte må det vera? Når ein praktisk talt aldri ser at det vert drukke øl i Andeby, og når endene vert berusa av å drikka brus, er det vel ganske tydeleg at i desse seriane finst det ikkje øl og andre drikkar med alkohol i Andeby.

Merkeleg konklusjon. Eg ville då heller trekt den konklusjonen at det er alkohol i brusen.

Nei, nei, Donald og co vert berusa når dei får i seg karbondioksid. Me har ender i ein damm i hagen, og eg kan bekrefta det.

«Å, Donald! Nå kan ingenting få meg i dårlig humør.»
Dolly Duck.

Innlegget blei sist redigert 12.09.2005, 08:57 av Olaf Moriarty Solstrand

Sølve
19 år, Ullensvang

09.09.2005, 22:04

Og hva skjer med ender på karbondioksid?

Innlegget blei sist redigert 12.09.2005, 08:59 av Olaf Moriarty Solstrand

Pocket
25 år

10.09.2005, 00:41

Siden jeg dessverre ikke er noen ekspert i organisk kjemi relatert til Andeby, overlater jeg denne problemstillingen til dr. Raptus von Rupp.

Barks | Scarpa | Gottfredson | Murry | Cavazzano
torgnyland.blogspot.com

Innlegget blei sist redigert 12.09.2005, 09:00 av Olaf Moriarty Solstrand

Karamell
40 år, Oslo

10.09.2005, 01:28

Karamell skreiv:

Pocket skreiv:

Og hva skjer med ender på noen av delene?


Siden jeg dessverre ikke er noen ekspert i organisk kjemi relatert til Andeby, overlater jeg denne problemstillingen til dr. Raptus von Rupp.

Ja, Raptus.. hvor er du når vi trenger deg??

Pocket
25 år

10.09.2005, 03:09

Og eg som trudde at vi skulle klare å halde oss for gode til å pirke på andres skrivefeil. Sletta store deler av denne tråden, fordi korleis ein staver karbondioksid har absolutt ingenting med Andeby å gjera - og iallfall ikkje når ein ikkje godtar det som står i ordboka. Å påpeike ein skrivefeil er off-topic nok, når ein i tillegg byrjar å argumentere for at det som står i ordboka er feil og at dette difor BURDE ha vore ein skrivefeil, burde ein heller finne seg eit linguistikkforum. Her diskuterer vi jo Donald og sånt, ikkje sant?

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)
Skriver flytande fjøslatin

Olaf Moriarty Solstrand
26 år, Tromsø

12.09.2005, 09:08

Hva skjer med ender på karbondioksid?

Pocket
25 år

12.09.2005, 14:14

Kan huske for ikke så lenge siden å ha sett ett bilde der Ole dole og doffen drikker vin og er fulle. Det er da i tankene til donald. Var vistnok tegneserieversjon av tegnefilmen hvor guttene skal kjøpe sigarer til donald i bursdagsgave og ender opp med at Donald tvinger de til å røyke de opp.
Men... det var da vin, og ikke øl

-"What your eyes see and ears hear, the mind believes. But eyes and ears alike can be decieved, only the mind can know true reality".

AlphonseCapone
24 år, Rana

12.09.2005, 22:06

Denne tråden begynner å bli litt gammel, men jeg har ikke vært særlig aktiv, bare lurket, på AOL siden i sommer...
Men. Hva med mjød? Det er jo vikingtidas øl.
Den ene morkvakten i den siste HOF-boka med Dragonlords-serien av Cavazzano og Erickson, maser om mjød hele tida og sjangler rundt som en alkoholiker. Handlingen i Dragonlords er strengt tatt ikke satt til Andeby, og HOF er vel heller ikke myntet på 7-åringer, but still... Historien er laget rundt årtusenskiftet, da Donald-historier er politisk korrekte.
Og er det mye mjøddrikking i Donald Villand-historiene av Marco Rota?

"Oooorrrgle! Dooorrrgggle! Dooorrrffen!"

fiskebolla
Harstad

09.10.2005, 03:39

Eventyr med Tidsmaskinen 1 (eller hva den nå het) hadde ihvertfall en del mjød i seg. Tomme tønner det gikk ann å gjemme seg i, for så å bli oppdaget av tørste vikinger, ihvertfall.

blue blue glass moon
under the crimson air

Adamant
22 år, USA

09.10.2005, 14:35

Eg meiner å huske ein historie der Donald sjenka fetter Anton full for å få han til å avsløre kva for ien veddeløpshest han ville satse på.

Då eg va liten og lite visste
Då fekk eg tak i ei Donald-bok
Eg las den ut heilt til det siste
og plutseleg vart eg klok!

Kristian Rødvand
23 år, Rana

09.10.2005, 17:44

Kristian Rødvand skreiv:

Eg meiner å huske ein historie der Donald sjenka fetter Anton full for å få han til å avsløre kva for ien veddeløpshest han ville satse på.

Var ikke det i Pocket? Det er hvertfall noe likt i Donald Duck - Kjempegevinsten, fra Donald Duck 65år!

Omanga Carl

Magnus Murphy
17 år, Sandefjord

09.10.2005, 18:06

MicMag-nus skreiv:

Kristian Rødvand skreiv:

Eg meiner å huske ein historie der Donald sjenka fetter Anton full for å få han til å avsløre kva for ien veddeløpshest han ville satse på.

Var ikke det i Pocket? Det er hvertfall noe likt i Donald Duck - Kjempegevinsten, fra Donald Duck 65år!

Hmm.. eg var ganske sikekr på at det var i bladet, men når du nemer pocket så vart eg usikker...

Då eg va liten og lite visste
Då fekk eg tak i ei Donald-bok
Eg las den ut heilt til det siste
og plutseleg vart eg klok!

Kristian Rødvand
23 år, Rana

11.10.2005, 19:05

I spesialhefte 4 fra 1954, Sheriff Langbein (som står i "De komplette årgangene" ,1954, Del 1) kan man lese historien "Langbein Som Sheriff".
I rute 6 på side 3 i denne historien sier Langbein: "Det kunne være noe å få fingrer i! Ti tusen kroner kunne jeg få mye **øl** for!"

Innlegget blei sist redigert 12.10.2005, 21:52 av NikZer

NikZer
31 år, Oslo

12.10.2005, 21:51

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Side 1, 2, 3

Andeby Online er drive av Olaf Moriarty Solstrand. Alle bilete av Disney-figurar på sidene er © DISNEY og brukt i samsvar med norsk åndsverkslov.