Siste oppdatering: Donald Pocket får stive permar



Hugs meg :: Registrer ny brukar

World of the Dragonlords

Andeby Online > Diskusjonsforum > World of the Dragonlords

Gå tilbake til forumoversikta ...

Ser at i ein del trådar har folk nemnt at dei veit veldig lite om "Dragonlords"-serien ... så her er ei oppsummering av det eg veit.

"World of the Dragonlords" er ein serie som består av tolv kapittel som dannar EI lang historie, med Ole, Dole og Doffen i hovudrollene. Manuset er skrive av Byron Erickson, medan teikningane er av Giorgio Cavazzano. Historia er utgitt av Egmont, og så langt utgitt i Tyskland, Finland og Italia. I tillegg har Gemstone gått ut med at dei kjem til å gi ut denne som trade paperback snart, og ettersom Hall of Fame bok 9 er oppgitt å vera ei Erickson/Cavazzano-bok, byrjar det å bli ganske enkelt å gjette kva innhaldet i den skal vera òg ...

Kort oppsummert omhandlar historia at Donald, Skrue og nevøane blir fanga av dei sokalla "Dragonlords" - den stygge, valdelege, brutale, ikkjemenneskelege rasen Morg - og blir teke med til deira verd der dei blir solgt som slaver. I denne verda har drageherrene gjort størstedelen av den menneskelege befolkninga til slaver, med unntak av eit fjernt kongerike i aust og ei lita gruppe fridomskjemparar. Morg har dessutan klart å fange nesten alle dei flygande dragane i denne verda for å bruke dei som ridedyr i krigen.

Men eigentleg er dette ei historie om andefamilien, særleg nevøane, som utviklar seg frå å først berre ønske å unnslippe drageherrene og redde Donald og Skrue, via å verkeleg ønske å dra tilbake til Andeby, til å endelig bli så involverte i historia at dei vil hjelpe rebellane med å styrte Morg - og i prosessen blir dei vener med den menneskelege motstandsstyrken, ein gut ved namn Jute og dei tre babydragene Spitfire, Smoky og Sniffles.

Totalt er historia på 164 sider, og det er verdt å merke seg at det er EI historie det er snakk om. Berre nokre få av kapitlane har cliffhangarar, men heile meininga i historia forsvinner dersom du fjerner eit kapittel - omtrent som vanlege kapittel i ein roman. Kapittel nummer 1, 4, 5, 8 og 11 er alle 16 sider lange, medan dei resterande seks kapitla er 12 sider lange.

Fargeleggjinga i historia er gjort med ein fargepalett som er utvikla i eit samarbeid mellom manusforfattaren, fargeleggjarane og nokre andre viktige avdelingar for å betre understreke detaljar og skape ei verkeleg fantastisk atmosfære.

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)

Innlegget blei sist redigert 28.09.2005, 16:21 av Olaf Moriarty Solstrand

Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø

16.07.2005, 22:04

Dette ser jo veldig interessant ut, for å si det forsiktig.

Men jeg mener det blir helt feil å utgi disse greiene her i "Hall of Fame"-serien. Skulle ikke denne serien være en hyllest til de store tegnerene/manusforfatterene, og vise et variert utvalg av deres historier over tid?
Denne boken blir i så fall alt annet enn det. For det første: Byron Erickson er en veldig dyktig manusforfatter, det skal han ha. Men han er ikke i sjiktet som fortjener å bli presentert i Hall of Fame, rett og slett fordi han har utgitt så få historier. En bok for Cavazzano kan forsvares, men dette blir vel ikke en bok for ham på samme måte som de andre bøkene har vært for de personene disse dekket. Skulle den vært det, måtte den som sagt ha tatt for seg mange av hans historier over et lengre tidsrom i stedet for det som ser ut til å skje nå. Nå blir det vel kanskje noen flere historier siden "Dragonlords"-serien ikke er på mer enn 164 sider, men det blir likevel ikke det samme.

Dette er jo selvfølgelig noe Egmont gjør for å opprettholde interessen for Hall of Fame-serien og å fortsatt kunne tjene penger på den. For oss som ikke abonnerer, blir dette noe skuffende når det ser ut til at de nå også utgir ting i serien som ikke henger helt sammen med det som ble sagt å være intensjonen med den.

Vel vel, jeg føler jeg bare MÅ få med meg disse greiene her, så ett eller annet lurt får jeg vel finne på:-)

Forresten Olaf; du later til å ha stor greie på dette. Har du lest historien? Er den i så fall så bra som den høres ut til?

Mine filmanmeldelser på IMDB:
http://www.imdb.com/user/ur2484999/comments-expanded?order=alpha&start=0

Innlegget blei sist redigert 16.07.2005, 23:28 av SvK

SvK
25 år, Bergen

16.07.2005, 23:25

Har ikkje lest historia (med unntak av eitt kapittel som eg ikkje skjønte noko som helst av - både fordi det var eit enkeltståande kapittel midt ute i sagaen, og fordi det var skrive på tysk, som eg ikkje forstår), men eg har lest ein del //om// Dragonlords, og denne historia har eg gleda meg veldig til heilt sidan eg første gong høyrde om ho.

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)

Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø

16.07.2005, 23:45

SvK skreiv:

For det første: Byron Erickson er en veldig dyktig manusforfatter, det skal han ha. Men han er ikke i sjiktet som fortjener å bli presentert i Hall of Fame, rett og slett fordi han har utgitt så få historier.

Jo, men til gjengjeld er han både sjefs-readaktør i Egmont og høyt respektert av såvel Don Rosa som Olaf Solstrand.

Amerikansk Don Rosa Index (1987-2007) til salgs:
http://duckman.pettho.com/usindex.html

Gode råd om norsk rettskriving:
LES HER

Sigvald Grøsfjeld jr.
http://duckman.pettho.com/

Sigvald
41 år, Stavanger

16.07.2005, 23:58

SvK skreiv:

Men han er ikke i sjiktet som fortjener å bli presentert i Hall of Fame, rett og slett fordi han har utgitt så få historier.

"Få" er relativt. Ser ut som om han har utgitt cirka 40-50 historier, og det er jo ikkje kjempeille. Men sjølvsagt er det få samanlikna med dei største.

Sigvald skreiv:

Jo, men til gjengjeld er han både sjefs-readaktør i Egmont og høyt respektert av såvel Don Rosa som Olaf Solstrand.

"Sjefsredaktør"? Kvar har du den informasjonen frå? Det var eg ikkje klar over at han var, så den opplysninga overraska meg. Det har nemlig aldri vore mitt inntrykk.

Joda, Byron Erickson er ein veldig dyktig redaktør. Men det aleine gjer han ikkje fortjent til å hamne i "Hall of Fame: **De** **store** **serieskaperne** ", vel? Den tittelen bør vera reservert dei som skriver og/eller teiknar historier, sjølv om eg er einig i at redaktørar generelt nok er ei svært undervurdert gruppe.

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)

Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø

17.07.2005, 00:05

Byron var managing editor, så chief-in-editor og nu er han creative director, så har han været chefredaktør, og er vel stadig redaktør for nogle tegnere og forfattere.

Remember: It all started with a mouse

AC
28 år, Danmark

17.07.2005, 00:34

SvK skreiv:

Dette er jo selvfølgelig noe Egmont gjør for å opprettholde interessen for Hall of Fame-serien og å fortsatt kunne tjene penger på den. For oss som ikke abonnerer, blir dette noe skuffende når det ser ut til at de nå også utgir ting i serien som ikke henger helt sammen med det som ble sagt å være intensjonen med den.

Vel vel, jeg føler jeg bare MÅ få med meg disse greiene her, så ett eller annet lurt får jeg vel finne på:-)

Eg trur at det i hovudsak vil vera ein aktør som tjener grovt på dette, og det er Tronsmo. :-) Sjølv har eg lenge vurdert å kjøpe den amerikanske utgåva, men sjølvsagt frister det veldig å ha den norske i tillegg, så forhåpentlegvis finner vi på noko.

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)

Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø

17.07.2005, 01:17

Olaf Solstrand skreiv:

Eg trur at det i hovudsak vil vera ein aktør som tjener grovt på dette, og det er Tronsmo.

Visste ikke at Tronsmo solgte HOF. Trodde man bare kunne bestille gjennom Egmont. Hvorfor har Tronsmo ekslusive rettigheter? Hadde vært tøft om alle bokhandler fikk selge HOF, kansje det ble priskrig:) Jeg kjøper de gjennom forlaget ihvertfall, det er billigst.

Pocket
25 år

17.07.2005, 02:53

Tronsmo har ikkje eksklusive rettigheitar. Tronsmo er ein av nokre få butikkar (og den einaste eg kjenner til av dei) som har valgt å teikne ein heil haug abonnement på Hall of Fame sånn at dei har bøker å selge. Det er nemlig den einaste måten bokhandlarar har moglegheit til å skaffe seg bøkene på. Å abonnere. Alle bokhandlarar har like stor moglegheit til å gjera dette, men det er sjølvsagt ein kostbar operasjon som ein nok er nøydt til å ha ein skikkeleg god teikneseriebutikk for å gidde å gjennomføre.

«Jeg håper virkelig at vi slipper Andeby-online-liknende tilstander her.» (Sigvald)

Olaf Moriarty Solstrand
25 år, Tromsø

17.07.2005, 03:22

Honnør til Tronsmo!

Pocket
25 år

17.07.2005, 03:42

Skriv svar | Gå tilbake til forumoversikta ...

Andeby Online © Solstrand Tekst og Bobler, Vestregata 77, 9008 TROMSØ. Telefon: 957 08 325.
E-post: post@andebyonline.com. Ansvarleg redaktør: Olaf Moriarty Solstrand.
I redaksjonen: William Fuglset, Tommy Kvarsvik og Kristin Cecilia Saue Romundset.